Hopp til innhold

Aktiv sløkking på tre skogbrannar

Brannvesenet driv aktiv sløkking på tre skogbrannar i fylket.

Flyfoto av skogbrann mellom Numedal og Eggedal

Flyfoto av skogbrann mellom Numedal og Eggedal.

Foto: Flytjenesten Ringerikes Motorflyklubb

Dei tre brannane ligg alle på område det er vanskeleg for brannmannskapet å bevege seg i.

Her brenn det no:

  • Hoensvannet og Kløveråsen i Øvre Eiker. Denne brannen er under aktiv sløkking. Her får brannvesenet hjelp frå eit helikopter.
  • Nore og Uvdal ved Kortefjell i Trillemarka. Her ventar mannskapet på eit helikopter som er på veg samstundes som dei jobbar med å sløkke brannen.
  • Lifjell i Kongsberg, vest for Efteløtt. Her jobbar mannskapet med å få kontroll på brannen.

Ettersløkker fire brannar

Fire brannar frå tidlegare blir ettersløkkt og halde auge med av brannvesenet. Dei har kontroll på to i Øvre Eiker, ein på Flesberg og ein på Kongsberg.