Hopp til innhold

– Det kan ta ein del år

Jernbaneverket slit med gamle og ulike signalsystem langs togspora. Om nokre år skal det tekniske utstyret følge europeisk standard. Det skal hindre stadige innstillingar, som på Drammenbanen den siste veka.

Togforsinkelse

Det er stadig færre feil på signalanlegga, sjølv om togpassasjerane kan oppleve det som motsett. Likevel tek det år før heile sikringssystemet har lik standard.

Foto: Idar Edvin Krogstad / NRK

Tysdag morgon skjedde det igjen. For tredje gongen på ei veke. Den monotone stemma frå høgtalaranlegget varslar at noko er gale med signalanlegget.

Togpassasjerer

I dag tinga Jernbaneverket tretten bussar for å skysse passasjerane langs Drammenbanen.

Foto: Idar Edvin Krogstad / NRK

Passasjerane ventar tolmodig ei stund. Så innser dei at dette ikkje løyser seg, stormar ut til drosjehaldeplassen, og på vegen grillar dei togpersonellet om kva dei skal gjere. Og finn andre transportformer for å rekkje flyturen til New York, eller morgonmøtet på jobben. Signalfeil igjen.

Bygd stykkevis og delt over fleire tiår

Gorm Frimannslund er direktør for infrastrukturen i Jernbaneverket. Han har hatt trykk frå media i dag og veit kva som blir tema.

– Årsaka til togstansen i dag var rett og slett ei sikring som slo ut. Det høyrast banalt ut, men vi leiter framleis etter årsaka til at dette skjedde. Signalsystemet er sentralt for å overvake og sikre tryggleiken på tognettet. Det er difor alt stansar når det blir råka av tekniske feil, seier han.

Tre gongar den siste veka har det vore langvarig togstans på Drammenbanen. Tusenvis av passasjerar måtte ta buss, taxi eller vente og håpe på ei snarleg løysing.

Gorm Frimannslund

Direktør for infrastruktur i Jernbaneverket, Gorm Frimannslund, seier den store betringa kjem først når signalanlegga er modernisert etter europeisk standard.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

Over 980 signalfeil hittil i år

– Dette har ulike årsaker, og det er det store problemet. Vi har ulike typar sikringsanlegg for signala omkring i Noreg. Det betyr at vi må ha folk med kompetanse på dei ymse typane anlegg, seier Frimannslund.

Det tekniske utstyret er reparert, erstatta og modernisert over lang tid, og teknologien har endra seg. Med andre ord har vi mange generasjonar signalanlegg spreidd utover tognettet.

Jernbaneverket jobbar med å modernisere signalanlegga etter ein europeisk standard, slik at det blir lettare å vite kva ein skal gjere, om sikringar går i Lier-tunnelen eller på Sørlandsbanen.

Betre enn sitt rykte

I år har Jernbaneverket registrert 24 % færre feil på signalanlegga enn i same periode i fjor. Det viser at den stadige moderniseringa ber frukter, seier Frimannslund.

– Vi ber folk om å ta toget. Det er miljøvenleg og avgangane blir stadig meir punktlege, seier direktøren for infrastruktur.

Enn så lenge pungar Jernbaneverket ut hundretusenvis av kroner kvart år, på å leige inn bussar og mannskap når signalanlegget slår ut. For ikkje å snakke om det økonomiske tapet bedrifter og folk må ta, ved å kome for seint hit og dit. Og det blir ikkje betre før ein sikrar seg mot at ei gamaldags sikring slår ut i ein tunnel på Drammenbanen.