NRK Meny
Normal

– Alle som padlar kajakk bør på kurs

DRAMMEN (NRK): Padling har blitt ein folkesport dei siste åra. Men langt frå alle veit korleis ein kjem seg opp igjen i kajakken om ein veltar på sjøen.

Kajakk, Jens Petter

Jens Petter Ørjansen leiar ein kajakklubb i vekst med 428 medlemmer. Klubben har over 150 personar på forskjellige kajakkurs i løpet av eit år.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Me ser veldig mykje rart i kajakkar ute på sjøen. Folk padlar med opne vestar, utan vestar eller til og med held åra feil veg.

Jens Petter Ørjansen har merka eksplosjonen av nye kajakkentusiastar dei siste tre-fire åra, som leiar av Gyldenløve kajakklubb i DNT Drammen.

Kajakk, padling

Slik kjem du deg opp av kajakken på eigehand om du er aleine på tur. Kajakkinstruktør Hege Eian viser.

– 10 prosent kan du ikkje lære sjølv

I fjor blei det seld rundt 20.000 kajakkar i landet, og ifølgje Statistisk sentralbyrå finst det nå nærmare 200.000 kajakkar rundt om i landet totalt. 74,6 prosent av dei har kome dei 10 siste åra.

Vetle på Kajakk og Fritid

På Kajakk og Fritid i Drammen anbefaler salssjef Vetle Svendsvoll alle som kjøper kajakk å ta eit introduksjonskurs.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

Men mange har ikkje dei kunnskapane ein treng.

Ein treng ikkje mykje kunnskap, men ein må lære opp ei vurderingsevne på kva ein taklar og ikkje, seier Matthew Skuse som er redningsoperativ fagansvarleg i Redningsselskapet.

Matt Skuse

Matthew Skuse fortel at det er ein positiv trend i heile landet at fleire og fleire aktørar set våttkort som krav når ein leiger kajakk.

Foto: Redningsselskapet

– 90 prosent av vassportferdigheitene kan ein lære sjølv av mengdetrening og av å snakke med folk. Men det er dei ti siste prosentane som du må få tak i fagfolk for å lære.

Krev våttkort for utleige

Det er grunnen til at Turistforeininga og fleire og fleire aktørar krev at ein må ha våttkort om ein skal leige kajakk.

I 2017 omkom to personar i kano- og kajakkulukker ifølgje tal frå Redningsselskapet. Tala frå i år er ikkje klare, men det har vore fleire drukningsulukker, mellom anna omkom ein turist i Rauland i Telemark da han var på kanotur med familien.

Kajakkinstruktør Hege Eian, dagleg leiar i Eian fritid viser korleis ein gjer kameratredning saman med Jens Petter Ørjansen.

Eit introduksjonskurs kan førebygge og hindre alvorlege ulukker, meiner DNT.

– Eit introduksjonskurs meiner eg minimum alle som padlar bør ha. Det å vite kva ein skal gjere om kajakken går rundt på vatnet og ikkje minst korleis ein kjem seg opp i han att, seier Ørjansen som trur det er mange av dei opp mot 300.000 nordmennene som set seg i ein kajakk i løpet av eit år som ikkje har desse ferdigheitene.

– Mange overvurderer nok også sine eigne symjeferdigheiter. Det er utruleg tungt å symje 100 meter i sjøen inn til land. Det er det mange som ikkje klarer.

Startar i vaksen alder

Fagsjef for padling i DNT Oslo og Omegn, Jostein Langslet fortel at kursa dei held i Oslofjorden er svært populære og stort sett blir fulle.

– Mange startar med padling i vaksen alder nå og har ikkje stort kunnskapsnivå. Det er ikkje som med langrenn og sykkel der mange har eit visst grunnivå, seier Langslet som vil understreke at padling ikkje er risikosport og at ulukkene er få.

– Berre ein veit kva ein gjer når ein hamnar i vatnet og kan symje er ein stort sett trygg. Mange ulukker skjer fordi ein blir stressa og får panikk fordi ein ikkje veit kva ein skal gjere. Derfor anbefaler me alle å ta eit kurs.

Kajakkinstruktør Hege Eian i Eian Fritid opplever at mange kursdeltakarar kjøper seg kajakk før dei går på kurs. Det kan vere eit val ein vil angre på, meiner ho.

– I løpet av kurset finn ein ut at det er veldig mange forskjellige kajakkar og utstyr. Det er sjeldan ein treff på fyrste forsøk, seier Eian og fortel at informasjon og bruk av utstyr er ein viktig del av introduksjon og grunnkursa ho held.

Av utstyr som er svært viktig å ha med seg er pumpe til å pumpe vatnet ut av kajakken, åreflottør til sjølvredning og sjølvsagt redningsvest. Les fleire tips på Padleforbundet sine nettsider.