Høyrde til Nedre Romerike flyklubb
Flyet som styrta i Sør-Aurdal i Valdres tilhøyrar Nedre Romerike flyklubb. Det bekreftar pressekontakt i klubben Thore Nylund. Flyet var ein tosetar av typen Aquilla. – Vi er veldig lei oss for at dette har skjedd, og vi tenker på vedkomandes pårørande, seier Nylund.