NRK Meny
Normal

Sjå døden i kvitauga!

Det er Irvin Yaloms beste råd mot dødsangst. Møt den verdskjende forfattaren og psykiataren i På livet laus søndag kl. 08.30.

Forfattar og psykiatar Irvin Yalom.

Forfattar og psykiatar Irvin Yalom.

Foto: Astrid Brekken.

Yalom, psykiatar og verdskjend forfattar av romanar som ”Da Nietzsche gråt” og ”Schopenhauerkuren”, seier at mange av oss går med ei redsle for døden som vi ikkje tør vedkjenne oss – og den vil han fri oss frå gjennom si siste bok: ”Å stirre inn i sola”.

Møt han i På livet laus denne søndagen kl 8:30, intervjua heime i California av Astrid Brekken.