Hopp til innhold

Nyttårsfest i NRK P1


Elisabeth Strand Mølster og Viggo Valle ser meir på det som kjem enn det som var når dei byr på nyttårsfest i NRK P1. - I desse nedgangstider vel me å sjå positivt på året som kjem, seier dei to.

Elisabeth Strand Mølster og Viggo Valle

Elisabeth Strand Mølster og Viggo Valle byr på nyttårsfest i NRK P1.

Foto: Jon-Annar Fordal / NRK


- Me skal laga fest for alle som høyrer på, både dei som er åleine og dei som er på jobb. Vi vel å sjå på mogelegheitene i året som kjem, og heller droppa å sjå oss så mykje tilbake, seier dei to.

Innimellom slepp dei til kongen for at han skal få tale. Kollega Jonas Brenna frå NRK P3 skal hjelpa dei med å få positiviteten opp. Han utfordrar både seg sjølv og andre. Målet hans er at 2009 skal bli det beste året for alle, og det er ingenting i vegen for å vite om det på førehand. Derfor skal han spåast og finne ut av alt det magiske 2009 har å by på før det hendar.

Kjærleik og pengar

Grovt og overflatisk sett kan man seie at kjærleik, pengar og helse er noen av dei viktigaste faktorane for eit godt 2009. Alt dette skal han få hjelp til. - Og saman skal vi finne vår livs kjærleik, rydde opp i økonomien og ete oss sunne og tynne. Eller i det minste tynnare, utan å gi slepp verken på smør, fløte, flesk eller salt, seier Brenna.

Berit Westad skal kåsera om året som kjem, og me får besøk av ein ung mann, som er alvorleg kreftsjuk, men som likevel klarar å sjå positivt på livet.

Happy New Year

Naturleg nok vert det heile krydra med masse fin musikk. - Eg lovar at ”Happy New Year” med ABBA er ein av dei mange melodiane vi skal spele, seier Elisabeth Strand Mølster.

NRK P1 nyttårsaften frå kl 19.03 - 23.30.