Hopp til innhold

Meir frå Bruce, Annbjørg og Ånon

Er det usannsynleg at ein musikar frå Washington, USA, skal kunne formidle norsk folkemusikk? Lytt på P2 og tru om att!

Bruce Molsky

Bruce Molsky held workshop under opphaldet i Noreg i februar.

Foto: Leiv Solberg / NRK

Bruce Molsky, Annbjørg Lien og Ånon Egeland - Folkemusikktimen byr på andre del av konserten med dei tre felemeistrane på Riksscenen i Oslo. Det var stinn brakke, stormande jubel og god musikk, med andre ord full klaff for arrangøren ”Oslofolk”.

Oldtime-meisteren Bruce Molsky er no for lengst tilbake på sine tallause konsertreiser over heile USA, men vil svært gjerne kome att for å lære meir norsk folkemusikk. Under konserten nytta han høvet til å utrykkje si beundring for sine norske felekollegaer Annbjørg Lien og Ånon Egeland, og fekk vist at norske feleslåttar frå Aust-Agder ligg godt i handa på ein spelemann som bur i Washington, DC.

Folkemusikktimen i NRK P2

  • søndag 21. mars kl. 18.03 og
  • tysdag 23. mars kl. 20.30

Programleiar: Leiv Solberg