Hopp til innhold

Lang veg heim

Med mykje reisegods, lita tid og tre ungar, forsvant plutselig far min.

New York 1900
Foto: Detroit Publishing Company Photograph Collection

Eg sit i den vesle kvitmalte stova her i Herand, ei perle i Hardanger. Barndomsheimen til far min.

Med Titanic

Tankane går tilbake utvandringa til Amerika. Mi bestemor, bestefar og veslejenta Margareta, drog over, og vart verande i 7-8 år. Der fekk dei 2 gutar, Sigurd og den yngste Benny, far min. Han var 4 år då dei skulle heim att til Norge.

Dette var året 1912, og dei hadde bilettar med Titanic. Skjebnen til den båten er kjend, så då den gjekk ned måtte dei legge om ruta.

Etter ein stund fekk dei plass på Stavangerfjord, og tok tog til New York. Med mykje reisegods, lita tid og tre ungar, forsvant plutselig far min.

Rundt hjørnet

Bestefar fekk auge på 2 damer som runda eit hushjørne, og leidde ein liten lyslugga kar mellom seg. Tida var knapp, bestefar min sprang til, fekk tak i far min og snudde tilbake. Damene såg dei ikkje meir til.

Tilbaketuren med Titanic som dei hadde gledd seg til vart det ingenting av, men alle ungane hadde dei i god behold!