Hopp til innhold

Gullminne

”Viss du er snill jente no og legg deg fint her hos oss skal du få to måsegg hos meg i morgon”. Det var ikkje ofte eg fek måsegg hos Besten. Han var gniten på dei syntes eg.

Måsegg
Foto: Gunn Nyborg

Hør: Postkort fra livet: Gullminne

Dette postkortet er sendt inn av Liv-Marit Vermedal, Lysekloster

Eg har to fine "gullminner" fra barndommen som eg har lyst å dela med dåke. Den første historien min sjedde for nøyaktig 50 år sidan, 21 mai. Eg huska det som det var i dag det sjedde.

Eg var ei lita jente, nettopp fylt 5 år. Ei natt vakna eg opp i Besten og Besto si seng. Der lå også systera mi som er 1 år yngre enn meg.

Fremmande folk i huset

Besten og Besto budde i huset vårt. Eg var heilt forvirra da eg vakna, det var no ikkje her eg skulle vera. Eg ville inn att til Mammo og Papen. Dei ville halda meg att men eg kom meg laus og for uti gangen. Der bråstoppa eg. For kva var dette: Var det fremmande folk i huset? Det hang ei brun kåpe der, ein brun hatt, sko og ei stor brun veske.

Lokka med to måsegg

Eg skunda meg vidare inn i stova vår og skulle vidare inn i kammerset der foreldra mine låg. Men der sto papen-mitt i døra. Han hadde nok høyrt at eg kom. Han lyfta meg opp og gosnakka til meg at måtte inn att til besteforeldra mine. Eg ville ikkje, men det var ikkje bønn om noko anna. Da vi kom inn att sat besten oppe og venta på meg. Og da seier Besten til meg; ”Viss du er snill jente no og legg deg fint her hos oss skal du få to måsegg hos meg i morgon”. Det var det beste eg visste!!!! Tenk eg skulle få to måsegg. Det var ikkje ofte eg fek måsegg hos Besten. Han var gniten på dei syntes eg. Så jenta la seg fint til å sova att.

Om morgonen gjekk syster mi og eg ut i stova vår. Der heldt nabokona på å bada ein fin liten gut. Vi hadde fått oss ein bror. Å kor stolte vi var. Og kor fin broremannen var. Vi visste ikkje om at vi skulle få nytt barn i huset. Det var ikkje så vanlig å fortelja slikt til småungar på den tida.

Skal sei tide går- no er lillebroren vår 50 år.

De røde skoene

Det andre minnet frå barndommen min er eg ca 4 år. Vi hadde fått besøk av søskenbarnet vårt. Ho var så fin syntes eg. Ho var ca 20 år og var heilt nydelig syntes eg. Ho hadde raude negler på fingrane sine og på tærne. Og så hadde ho så fine RAUDE HØGHELA SKO! Det var det finaste eg nokongong hadde sett. Slike ville eg også ha når eg blei stor!!

Lykketreff

Eg blei nå omsider vaksen også det man kalla godt vaksen utan at eg nokongong gløymte dei raude høghela skoa. Men når eg kjøpte sko måtte eg tenka på at skoa skulle stå til alt. Og det blei ikkje til at eg kjøpte raude høghela. så skulle eg bli bestemor for første gang og var med dattera mi på freteks for å sjå etter komode. DÅ såg eg "skoa mine". Dei var på salg til 20 kroner. Dei var på prikk like slik eg huska dei. RAUDE-FINE-HØGE HELA og ÅPEN TÅ!!! Eg for bort til hylla tok skoa på og dei passa perfekt- dei var laga til meg. Eg var lykkelig. E N D E L I G hadde eg fått skoa mine.

På fest i røde sko

Det var ikkje mote med slike sko akkurar da. Men et par år etter kunne eg ta dei i bruk, og det var på fest hos ei god veninne. Eg troppa opp i skoa mine, og dei blei kommentert kor fine dei var. Da fortalte eg denne historien som eg no har delt med dåke. Det var ei dame der som kunne fortelja at dette var et svert dyrt skomerke eg hadde kjøpt for 20 kroner. Og di var nesten ikkje brukt. No står skoa i skapet. Eg brukar dei av og til. Men det er helst barnebarna mine som får låna dei av og til. Eg er redd for dei. Dei vil nok alltid vera i tølene mine.