Tall NRK Forskning har utarbeidd viser at radiolyttarane i Sogn og Fjordane likar best lokal stemning på morgonen. 41,7 prosent av alle innbyggjarane i Sogn og Fjordane over ni år svergjer til distriktssendingane på NRK P1 mellom klokka 06:00 og 09:00. Det tyder at 38.601 sogningar og fjordingar høyrer på P1s morgonsendingar frå NRK Sogn og Fjordane på kvardagar.
Ein gjennomsnittleg kvardag lytter 50 079 personar, eller heile 54,1 prosent av innbyggjarane over ni år i Sogn og Fjordane, til distriktssendingane. Dette gjer Sogn og Fjordane einestående i norsk samanheng. Ingen andre distriktssendingar kan vise til like høge lyttartal.
Svært mange høyrer etter når dei sendar frå NRK Sogn og Fjordane sitt studio i Førde. (Foto: Jon-Annar Fordal)
NRK P1 er åleine om å ha eit sendenett som kan splittast distriktsvis. – Dette gir oss eit unikt høve til å tilby radio med det nære og lokale i den eine augneblinken, og kva som elles skjer i Noreg og den store verda den andre augneblinken, seier distriktsredaktør Magni Øvrebotten ved NRK Sogn og Fjordane.
Morgon, føremiddag og ettermiddag blir NRK P1s sendenett splitta. Morgensendingane er NRK P1s absolutt mest populære sendingar. Og oppslutnaden om distriktssendingane og NRK P1 generelt er aukande.
Stadig fleire lyttarar i Noreg benkar seg framfor radioen når morgonverten ved distriktskontora fortel kva ver og føreforhold det er ute, og byr på lokale, nasjonale og internasjonale nyhende, iblanda trafikkmeldingar og det som elles rører seg i distriktet.
- Lokal forankring i alt vi gjer. Det trur eg er hovudgrunnen til at så mange høyrer på oss, seier distriktsredaktør Magni Øvrebotten ved NRK Sogn og Fjordane. (Foto: Jon-Annar Fordal)
Populær miks
– Denne gode og kjende blandinga av distrikts- og riksprogram er NRKs beste konkurranseføretrinn, sier Magni Øvrebotten ved NRK Sogn og Fjordane.
Gjennomsnittleg lyttar meir enn 1 million nordmenn eller 27 prosent over ni år til morgensendingane på NRK P1. Det er om lag 20.000 fleire lyttarar enn i 2002. Radiolyttinga generelt auker også i Noreg og NRK P1 har i løpet av 2003 styrka si stilling som den desidert største radiokanalen i landet.
I snitt høyrer rundt 1,5 millionar personar på NRK P1 på ein vanleg dag. Det tyder at NRK P1 åleine har halvparten av den norske radiomarknaden for seg sjølv. P1-lyttarane er også dei som høyrer lengst på radio. Gjennomsnittslyttaren til P1 høyrer på NRK P1 i 197 minutt eller drøyt tre timar ein gjennomsnittleg dag.
Nøkkeltal:
NRK Sogn og Fjordane si dekning på NRK P1 morgon 06:00-09:00:
38 601 lyttarar. Dvs 41,7 prosent dekning, mot 40,6 i same periode i fjor
NRK Sogn og Fjordanes dekning på NRK P1, distriktssendingane morgon, føremiddag og ettermiddag: 50 079 lyttarar. Dvs 54,1 prosent dekning, mot 51,7 i same periode i 2002.
NRK P1s dekning for heile Noreg morgon 06:00.09:00:
1 066 806 lyttarar. Dvs 27 prosent dekning, mot 26,4 i same periode i 2002.
NRK P1s dekning for heile Noreg, distriktssendingane morgon, føremiddag og ettermiddag:
1 311 776 lyttarar. Dvs 33,2 prosent, mot 32,9 i same periode i 2002.
NRK P1s dekning for heile Noreg alle sendeflater: 1 442 164 lyttarar. Dvs 36,5 prosent, mot 35,6 i same periode i 2002. På målinga for september var imidlertid NRK P1 oppe på over 1,5 millionar lyttarar dagleg.
(Tala frå NRK Forskning gjeld for perioden januar 2003 til og med september 2003)