Hopp til innhold

”Lift me” mest populær

”Lift me” med Madrugada og Ane Brun var mest spelte song i Ønskekonserten på NRK P1 i fjor, medan Sissel Kyrkjebø var klart mest spelte artist.

Sivert Høyem og Ane Brun hadde stor suksess med duetten "Lift me" i 2005.

Madrugada, her med Sivert Høyem, og Ane Brun var mest spelte song i Ønskekonserten i NRK P1 i 2006.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Heile 528 ønskeplater vart det plass til og over halvparten av alle platene som vart spelte var norske i Ønskekonserten i NRK P1 i 2006.

Ved sidan av ”Lift me” var ”You raise me up”, ”Floden”, ”Gabriellas sång”, ”Hallelujah”, ”Mitt hjerte er ditt” og ”Sommer og skolefri” andre gjengangarar i Ønskekonserten i fjor.

Flest norske plater

Over 50 prosent av platene som vart spelte var norske, medan ein knapp tredjedel var engelske. Svenske melodiar var tredje mest spelte, medan det også vart spelt både tyske, spanske, italienske, russiske og songar på latin.

Sissel mest populær

Sissel Kyrkjebø

Sissel Kyrkjebø var klart mest populære artist på Ønskekonserten i fjor.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

På lista over dei mest populære artistane dominerer og dei norske. Sissel Kyrkjebø ligg suverent på topp og vart spelt 11 gonger i Ønskekonserten i 2006. Erik Bye, Malin, Vamp, Madrugada, Odd Nordstoga, Halvdan Sivertsen og Kai Robert har og vore å høyre fleire gonger i Ønskekonserten i fjor.

Totalt vart det plass til 528 ønskeplater. Heile 332 songar vart spelt berre ein gong, medan 212 artistar/grupper var med berre ein gong. Knapt halvparten av songane som vart spelte var frå sjangeren pop/rock, medan musikal/lett musikk, viser og kristne songar deretter var dei mest spelte sjangrane.

Beste velgåande

28. januar er det 57 år sidan den første Ønskekonserten gjekk på lufta og programposten har stadig ein stor og trufast lytterskare. – Ønskekonserten lever i beste velgåande, seier programleiar Helge Raftevold.

– Kvar einaste veke får vi ein stor bunke med brev frå folk som ønskjer å hylle ein ven eller familiemedlem med ei platehelsing i radioen,så den tradisjonen er det mange som tek del i å føre vidare, seier Raftevold.

Dei mest spelte songane i Ønskekonserten 2006

Lift me (7)

Madrugada og Ane Brun

You raise me up (5)

Westlife (4)/Josh Groban (1)

Floden (4)

Bjørn Eidsvåg og Elvira Nikolaisen

Gabriellas sång (4)

  Helen Sjöholm

Hallelujah (4)

Espen Lind, Kurt Nilsen, Alejandro Fuentes, Askil Holm (3)/Josh Groban (1)

Mitt hjerte er ditt (4)

Hilde Heltberg og Frelsesarmeens territoriale hornork

Sommer og skolefri (4)

 Malin

Dei mest spelte artistane i Ønskekonserten 2006

Sissel Kyrkjebø (11)

 

Erik Bye (8)

 

Malin (8)

 

Vamp (7)

 

Madrugada og Ane Brun  (7)

 

Odd Nordstoga (6)

 

Halvdan Sivertsen (6)

 

Kai Robert (6)

 

Ønskekonserten diagram sjanger 2006
Foto: NRK / NRK
Ønskekonserten diagram språk 2006
Foto: NRK / NRK