Hopp til innhold
Kronikk

Statsministeren som veit best

Erna Solberg sitt mål er å fri folket frå søndagsstengte butikkar. Då er det ikkje så nøye kva folket sjølv meiner om saka.

Erna Solberg

Folket har skjønt det Erna Solberg og hennar regjering tilsynelatande ikkje skjønar, nemleg at søndagsopne butikkar handlar om noko større enn at folk skal kunne oppsøke butikken når dei måtte ønskje, skriv Emil André Erstad, leiar i KrFU.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

«Dette er en typisk sak som mange vil glede seg over i fremtiden og som få partier vil ønske å gjøre om på», sa statsminister Erna Solberg til NTB i helga om det folkelege engasjementet mot søndagsopne butikkar. Så arrogant at det nesten er litt stil over det.

Solberg er likevel ikkje like arrogant som kulturministeren sin, Thorhild Widvey. I dag går fristen på høyringa om søndagsopne butikkar ut, men alt for ni dagar sidan presterte ho å seie at dei over 4000 høyringssvara «ser ut som ein kampanje». Dette kunne ho konstatere allereie før ho hadde lese dei. Men ho forsikra likevel etterpå at kvart eit høyringssvar ville bli lese grundig og «tatt på alvor».

Desse utspela står i kontrast til det partiet Høgre vi kjenner frå før. Høgre-folk har ofte sett det som si oppgåve å verne folket mot politikarar som meiner at folk ikkje veit sitt eige beste og difor treng ei hjelpande hand for å få eit betre liv.

Fri folket frå faderleg omsorg

Vi har sett Høgre kjempe mot politikarar med litt for mykje faderleg omsorg for innbyggjarane i mange saker. For eksempel i alkoholpolitikken, der det har blitt argumentert med at folk må få velje sjølv, og ta ansvar for eige alkoholkonsum. Vi har sett det i spørsmålet om påbod om redningsvest på sjøen. Vi har sett det i familiepolitikken der Høgre-folk meiner fedre ikkje treng fedrekvoten i møte med arbeidsgjevar.

At det er eit nesten unisont brøl mot søndagsopne butikkar no, er ikkje så viktig.

Emil André Erstad, Leiar i KrFU

I folkehelsepolitikken har vi òg sett det, der Høgre sin stortingsrepresentant Sveinung Stensland nyleg argumenterte med at staten ikkje kan leggje til rette for sunnare liv. Det må folk ordne sjølv. Alt anna er paternalisme og politikarar med for mykje omsorg for folk som veit, eller bør vite, sitt eige beste sjølv.

Arrogante Høgre-folk

Den arrogansen vi no ser frå Høgre sentralt, mellom anna i uttalane til Widvey og Solberg, botnar nok i at Høgre-folk frå sitt perspektiv ser på eit forbod mot søndagsopne butikkar som paternalisme. At staten gjennom reguleringar knytt til søndagsstengte butikkar hindrar folk i å ta frie val. Hindrar folk i handle når dei vil, eller la butikkane halde ope når dei vil.

Det kan sjå ut som haldninga deira er denne: Når målet er å fri folket frå det paternalistiske forbodet mot søndagsstengte butikkar, er det ikkje så naudsynt å høyre på kva folket faktisk meiner om saka.

Folket vil endre meining når dei ser kor bra det er med Høgre-politikk i praksis.

Emil André Erstad, Leiar i KrFU

At det er eit nesten unisont brøl mot søndagsopne butikkar no, er ikkje så viktig. At brølet òg nesten er like unisont frå Høgre-styrte kommunar, endrar ikkje Erna sitt syn på at folket ikkje veit sitt eige beste. Folket vil endre meining når dei ser kor bra det er med Høgre-politikk i praksis.

Ideologisk frontkollisjon

Problemet er at Høgre-folk si ideologiske forståing av fridom er på kollisjonskurs med resten av oss i saka om søndagsopne butikkar. Det store fleirtalet mot søndagsopne butikkar ønskjer seg ikkje ein laussleppt og uavgrensa marknad. Dei ønskjer ikkje at den siste dagen i veka òg skal verta overgitt til marknadskreftene. Dei veit at fullstendig opning av butikkane på søndagane vil påverke deira fridom til å ha kvilepuls ein dag i veka.

Høgre-folk si ideologiske forståing av fridom er på kollisjonskurs med resten av oss i saka om søndagsopne butikkar.

Emil André Erstad, Leiar i KrFU

Annleisdagen forsvinn viss mange fleire må på jobb om søndagen. FAFO har rekna ut at søndagsopne butikkar vil krevje at 270.000 menneske går på jobb. I dag er talet 45.000. Vi ser at mine val har konsekvensar for dine val, og at fellesskapet vil bli påverka av søndagsopne butikkar.

Meir, men ikkje betre

Annleisdagen er ikkje noko enkelmannsføretak. Kampen for søndagsopne butikkar er i realiteten ein frontkollisjon mellom individualisme på den eine sida og fellesskap på den andre, og det er ikkje mogleg å møtast på midten til eit kompromiss. Ingen enkeltmenneske kan stable annleisdagen på beina åleine.

Det blir konsekvensar for arbeidstida og fritida til familiane. Det blir konsekvensar for næringspolitikken til kommunane. Det blir ein generell auke av aktiviteten i samfunnet. Det blir meir transport, fleire arbeidsreiser og auka bilbruk. Kanskje blir det også meir forbruk. Vil vi ha meir, eller vil vi ha det betre?

Det Solberg ikkje skjønar

Folket har skjønt det Erna Solberg og hennar regjering tilsynelatande ikkje skjønar, nemleg at søndagsopne butikkar handlar om noko større enn at folk skal kunne oppsøke butikken når dei måtte ønskje. Folk er i stand til å forstå konsekvensane av søndagsopne butikkar, og det er grunnen til at dei seier nei.

Folket veit ikkje kva dei vil ha, før dei får det, seier Erna Solberg.

Emil André Erstad, Leiar i KrFU

Erna Solberg har nok rett i at mange vil nytte seg av søndagsopne butikkar på eit eller anna tidspunkt, viss ei slik endring vert tvunge gjennom av Regjeringa og Venstre. Men det betyr ikkje at det store fleirtalet ønskjer seg eit samfunn utan ein annleisdag. Det betyr heller ikkje at vi eigentleg ønska oss søndagsopne butikkar.

Den ideologiske kortslutninga i engasjementet til Høgre for søndagsopne butikkar er soleklar: Folket veit ikkje kva dei vil ha, før dei får det, seier Erna Solberg. Slik ville ikkje eingong ein reinspikka sosialist ville våga å formulere seg.