Hopp til innhold

– Det er mykje som kjem til å skje det neste døgnet

Vindkast kan kome opp i storm styrke, og kan vere ganske øydeleggande.

E134, Røldalstunnelen

Det er varsla vanskelege køyreforhold i fjellet. Dette biletet er frå Røldalstunnelen i Hordaland.

Foto: Vegkamera / Statens vegvesen

Lågtrykket kjem rett på våre område og det blir kraftig vind først frå sørvest og i morgon kveld frå nord ettersom lågtrykket passer.

– Det er mykje som kjem til å skje det neste døgnet, seier Arild Mentzoni ved Meteorologisk institutt.

– I vestlege fjellområde kjem det snøbyger og vinden kjem til å kome opp i stiv kuling langs kysten mot kvelden, seier Mentzoni.

Arild Mentzoni

Meteorolog Arild Mentzoni.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / Scanpix

I fjellområda er det snakk om kuling, og kanskje i nærleiken av storm i kveld.

– Torsdag kjem det nye lågtrykket med meir vind, og ut på dagen kan det på kysten bli sørvest sterk kuling og kanskje liten storm ein periode, seier Mentzoni.

Vindkast kan vere øydeleggande

Det blir nedbør med regn i lågareliggande strok og snø på fjellet. Etter kvart som lågtrykket passer, så minkar vinden forbigåande.

– Men så aukar den frå nord torsdag kveld. Og vinden kan bli ganske kraftig nær kysten og i fjellet.

Innover i landet kan det bli ein del kraftige vindkast som kan vere ganske øydeleggande.

Vindkasta kan ha storm styrke, altså 20–25 meter per sekund i kasta mot kvelden torsdag.

– Det ser ikkje så lysteleg ut, seier Mentzoni.

Formidlar varsel til kommunane

Elisabeth Danielsen, Fylkesmannen

Fylkesberedskapssjef Elisabeth Danielsen.

Foto: Anne Spånem, Fylkesmannen

Fylkesberedskapssjef Elisabeth Danielsen har i oppgåve å sende vidare alle varsel til kommunane i Telemark.

– Vi følgjer nå med på korleis situasjonen utviklar seg, seier Danielsen.

Fylkesmannen sender også varsel vidare til vegvesen, kraftselskapa og Telenor som har sine planar for korleis dei skal handtere situasjonen.

– I slik tilfelle som no blir etatane meir vakne, seier Danielsen.

I verste fall kan vegar bli stengt, og straumen kan forsvinne om tre fell ned. Og på kysten må båttrafikken følgje med på vêret.

Fjellovergangane kan bli stengt

Trafikksentralen førebur seg ved å kalle inn ekstra mannskap til sentralen for å kunne formidle vidare alt som skjer.

Kjersti Hovemoen i Statens vegvesen seier at dei vil vere merksame på tre som stenger vegen.

– Vi oppmodar sterkt å følgje med på vêr og føreforhold på våre nettsider, for blant anna å finne ut om vegar er stengt, seier Hovemoen.

Og ikkje minst om det er glatte vegar eller snøføyke.

– På E134 over Haukelifjell er det kolonnekøyring, og der kan vegen bli stengt, seier Hovemoen.

Særleg fjellovergangane kan bli stengt på kort varsel i uvêret som er varsla.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark