Hopp til innhold

Rustar seg til kamp for landbruket

Landbruk var det heitaste temaet under fylkesårsmøtet til KrF denne helga. I Sogn og Fjordane fryktar partiet at regjeringa sin landbrukspolitikk skal føre til endå mindre matproduksjon i Norge.

Trude Brosvik og Krf rustar seg til kamp for landbruket

GALEMATIAS: Seier Trude Brosvik om politikken ho fryktar vil føre til endå mindre matproduksjon i Norge.

Foto: NRK

Med Høgre og Frp ved spakane går mellom anna regjeringa inn for å gje bøndene større råderett over eigen eigedom.

Regjeringa vil fjerne bu- og driveplikta. Den seier at eigaren av ein landbrukseigedom sjølv må bu der. Vedkommande må anten sjølv drive jorda eller leige den vekk til andre.

På denne måten flyttar regjeringa fokuset vekk frå matproduksjon og over på eigedom, meiner KrF. Dei fryktar landbrukspolitikken som no er varsla kan føre til at endå meir matjord blir bygd ned, og at nordmenn i framtida må få stadig meir mat frå utlandet.

Nyvald fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik, er svært kritisk til landbrukspolitikken som er staga ut av Høgre og Frp.

– Det ser ut til at regjeringa vrir fokuset vekk frå matproduksjonen og over på det å eige. Det er ikkje ei vriding KrF synest er god, seier Brosvik uroa.

– Dette er «galematias»

Krf-leiaren er djupt uroa for framtida til norsk landbruk. Over fleire år har det blitt stadig mindre dyrkbar jord, og Brosvik meiner ein no må passe seg vel for å forsterke den negative trenden.

Berre tre prosent av Norges areal er no jordbruksareal. Brosvik fryktar for korleis det vil bli når dagens unge blir eldre.

– Om vår generasjon skal byggje den ytterlegare ned og ta den vekk, så er det i eit generasjonsperspektiv «galematias».

Jordbruksareal forsvinn kvar einaste dag

Tal frå Norsk institutt for skog og landskap viser at tre fotballbaner med dyrka jord forsvann kvar einaste dag i åra mellom 2005 og 2011.

Stadig forsvinn jordbruksareal til fordel for nye bustader og vegar, skriv instituttet på sine heimsider.

Krf-leiar i Sogn og Fjordane, Trude Brosvik, meiner bu- og driveplikta på jordbrukseigedomar er med å hindre at meir jordbruksareal forsvinn.

– Bu- og driveplikta er viktig om ein skal halde oppe matproduksjon og drift over heile landet, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Line Henriette Hjemdal

SKEPTISK: Line Henriette Hjemdal er næringspolitisk talskvinne i KrF.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Fleire feriehus – mindre matproduksjon

Og ho er slett ikkje den einaste i partiet som gremmer seg over det som skjer. Næringspolitisk talskvinne Line Henriette Hjemdal sa mellom anna dette frå talarstolen.

– I Norge har vi hatt ein politikk der det viktige bodskapen til bonden har vore at han skal lage mat og auke produksjonen. Verkemidla har vore retta mot det, sa Hjemdal.

Ved ei fjerning av bu- og driveplikta trur mange at fleire vil sjå seg sjansen til å kjøpe landbrukseigedommar. Medan dei før har blitt hindra av at dei må bu der, kan no fleire leve ut draumen om eit feriehus på landet.

Hjemdal er redd regjeringa sine planar vil føre til langt mindre jordbruksareal, til fordel for nettopp ferieheimar.

– Eg trur det kan bli mange hyggelege bygder og tettstader der folk kjem på besøk til sine sommarhus og sommarhytter, men så vil det bli stille på andre tider av året.

Produserer stadig mindre av maten sjølv

Regjeringa vil også vurdere ei oppheving av driveplikta, noko Hjemdal er svært skeptisk til.

– Om ikkje jorda er til for å drive landbruk, men kan brukast til kva som helst, er det eit sterkt signal om at ein går vekk frå fokus på mat og landbrukspleie og over til eigedomsstruktur, seier ho.

Ho viser til at Norge aldri før har vore avhengig av så mykje mat frå utlandet.

– Vi har den lågaste sjølvforsyningsgraden vi har hatt på lenge. Då er det viktig at regjeringa tek vare på grasressursane, uansett kor i landet dei er, seier Hjemdal.

(Artikkelen held fram under)

Frank Willy Djuvik

BEGGE DELER: Frank Willy Djuvik i Frp meiner det er mogleg å ha to tankar i hovudet samtidig.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– To tankar i hovudet samtidig

Leier Frank Willy Djuvik i Sogn og Fjordane Frp avviser på si side kritikken frå KrF. Han meiner bu- og driveplikta ikkje har fungert for å bevare jordbruksareal.

– For Frp og regjeringa er det viktig å kunne ha fleire tankar i hovudet samtidig, seier han.

– Det at vi no har fokus på å sikre at vi får teke i bruk eigedomar og areal, betyr ikkje at vi ikkje samtidig har fokus på å auke produksjonen, seier han.

Han viser til at det er med nettopp priskontroll og bu- og driveplikt at det har blitt mindre landbruksareal. No er det på tide å tenkje nytt.

– Vi må sjå på nye verkemiddel og tiltak, og ikkje på dei forelda planøkonomiske løysingane som hjelpte for 50 år sidan, seier Djuvik.

Rustar seg til kamp for landbruket

Men fylkesstyremedlem i Kristeleg Folkeparti, Bjørn Harald Haugsvær, er usamd. Han trur prisregulering og buplikt framleis har ei rolle for å bevare jordbruksareal og sikre produksjon av mat i Norge.

– Dette er ein pakke med verkemiddel som skal tilgodesjå matproduksjon, tanken er at ein ikkje skal kunne spekulere i landbrukseigedom for å kjøpe den opp og seinare selje til andre formål, seier han.

– Skal landbrukseigedommar ha verdi framover skal det vere fordi dei skal nyttast til matproduksjon og dei som produserer mat må naturleg nok bu på eigedomane, seier Haugsvær.