Landbruksminister Sylvi Listhaug har erta på seg bøndene - blir stadig mindre populær

Landbruksminister Sylvi Listhaug blir stadig mindre populær blant bøndene.

Landbruksminister Sylvi Listhaug

UPOPULÆR BLANT BØNDENE: Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp).

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Dei siste vekene har Frp-politikaren vore med på ei rekkje upopulære vedtak som har sett sinna i kok i landbruksnæringa.

No lurer bøndene på kva strategi dei skal ha mot den blå regjeringa. Leiar Knut Tore Nes Hjelle i Eid Bondelag seier mange bønder irriterer seg over det den nye landbruksministeren har gjort så langt.

– Eg har ikkje problem med å forstå at folk er skeptiske og negative til den landbrukspolitikken desse partia står for.

Får bønder til å reise bust

Dei siste vekene har regjeringa alt gjort fleire landbrukspolitiske grep som gjer at bønder over heile landet reiser bust.

Regjeringa vil reversere endringane i ostetollen, endringar som gav bøndene høve til å ta ut høgare pris på mjølka. Listhaug gav også denne veka grønt lys for nedbygging av over 1000 mål matjord utanfor Trondheim, der kommunen heller vil ha bustader. Denne utbygginga sa den forrige landbruksministeren nei til.

Frå før kan bøndene indirekte få skatteskjerpingar på grunn av fjerning av arveavgift. Listhaug har også sagt nei til å gi svinebønder sluttpakke for å legge ned, eit tiltak som skulle få bukt med overproduksjonen i næringa.

Nils Bjørke

- BØNDENE BLIR USIKRE: Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag.

Foto: vegard Grøtt / NTB scanpix

– Dramatikk

Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag har nok å stri med.

– Totalt sett er det dramatikk i dette. Det er klart at bøndene blir usikre.

Berre reversering av tollendringar kan føre til eit inntektstap for ein gjennomsnittleg mjølkeprodusent på 47.000 kroner i følgje Bondelaget. No må bøndene tenkje strategisk, difor vil heller ikkje Bjørke varsle full krig mot landbruksministeren frå Frp.

– No har ikkje regjeringa fleirtal i Stortinget, så vi håpar at fleirtalet der set foten ned for ein del av desse tiltaka. Så vi må berre arbeide vidare for å synleggjere konsekvensane.

– Blir det fire år prega av full krig?

– Nei, vi er interesserte i å gå i dialog med sittande regjering. Det er eit stortingsfleirtal som er valt, og det må vi forhalde oss til. Men vi vil gi klar melding om konsekvensane av det dei gjennomfører. Vi brukar mykje tid på å rekne på konsekvensane, slik at dei vert klare over dei.

Knut Tore Nes Hjelle

VIL IKKJE GI OPP: Leiar Knut Tore Nes Hjelle i Eid Bondelag byggjer ny sauefjøs.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Kanskje dei vil at vi skal gi opp

Og bondelagsleiar Knut Tore Nes Hjelle i Eid har ikkje tenkt på å gi seg sjølv om det har kome ei ny regjering. Han trur også at regjeringa vil streve med å få gjennomslag i Stortinget.

– Det gjeld å vere seig, realistisk og optimistisk. Eg meiner at skal vi ha eit landbruk over heile landet i framtida er vi nøydde til å vere positive utad, elles får vi ikkje dei nye generasjonane til å ta over bruka. Gjer dei ikkje det stoppar det av seg sjølv.

Nes Hjelle meiner næringa no må takle balansegangen mellom å kritisere og å våge å vere optimistiske.

– Det er kanskje det dei vil, politikarane i Frp og Høgre, at bøndene skal sjå så mørkt på det at dei legg ned av den grunn. Men den gleda skal dei ikkje få.

Sylvi Listhaug hadde torsdag ikkje høve til å kommentere saka.