Hopp til innhold
Kronikk

Mat er viktigare enn veg

Provoserande? Kanskje det. Men likevel eit uomtvisteleg faktum.

Bondegård raps

Fordi me ikkje har nokon vassminister, har Sylvi Listhaug frå Frp fått Noregs viktigaste jobb. Så enkelt er det, skriv Ole Ramshus Sælthun frå Bondelaget. Her ser vi ein gard i Bærumsområdet med rapsmark i blome.

Foto: Flickr / randihausken (CC BY-NC 2.0)

Me nordmenn må ha tre ting for å leva. Vatn, mat og klede – det siste fordi det kan bli veldig kaldt her oppe. Alt anna føreset desse tre. Difor er mat viktigare enn veg. Og fordi me ikkje har nokon vassminister, har Sylvi Listhaug frå Frp fått Noregs viktigaste jobb. Så enkelt er det.

Kvifor har me då nettopp vore gjennom ein valkamp der berre Senterpartiet og KrF ser på landbruks- og matpolitikk som ei kjernesak? Kvifor syner ei undersøking frå kommunikasjonsbyrået Zynk at det for kvar veljar som seier landbruks- og matpolitikken er viktigast når dei vel parti, går åtte veljarar som seier samferdslepolitikken er viktigast for val av parti?

Det finst berre eitt svar, og det er såre enkelt: import. Me kan importera maten me treng, til og med til ein lågare pris enn norske bønder lagar den. Nordmenn kan overleva utan at det vert produsert ein einaste potet i Noreg. Ingen god konklusjon for norske bønder og Norges Bondelag. Kvifor skal me sjå kjempa for framleis, til og med auka, matproduksjon og på toppen av det heile i alle krikar og krokar av dette landet?

Rike onklar og «rasjonell drift»

Kva tek småbruksdød med seg i fallet? Mange stiller seg dette spørsmålet. VG køyrde i slutten av september ei forsidesak om at «Høyres rike onkler vil ha kutt i formuesskatten». Inga stor nyhende, men det er no så. Ein av onklane, med ein formue tilsvarande seks brukbare jordbruksoppgjer, sa følgjande: «Senterpartiets politikk med mange og små bruk er dødsdømt. Vi må ha en politikk som akselererer nedleggelsen, slik at vi får en rasjonell drift på de gårdene som blir igjen.»

Kven er dødsdømd utan småbruk? Slik på lang sikt. Ta store deler av næringsmiddelindustrien. Ta ulike greiner av handverksnæringa og reiselivet.

Ole Ramshus Sælthun, rådgiver i Norges Bondelag

Rasjonell drift er eit godt innarbeidd omgrep som vel, i landbrukssamanheng, gjerne tyder lønsam drift utan snåle subsidiar som tek av skattepengane. Men ei vidare tolking av «rasjonelt» handlar om vesentleg meir enn lønnsemd på kort sikt. Å vera rasjonell betyr at ein oppnår eit resultat på ein måte som ikkje er tilfeldig. Spørsmålet vert altså kva resultat ein ønskjer. Dei rike onklane ønskjer altså mindre skatt, og skattelette betyr at ein må kutta i andre enden, for eksempel subsidiar til småbruk. Men viss resultatmålet er noko anna, noko større, meir langsiktig ser det kanskje annleis ut.

Lat oss snu på sitatet i VG-artikkelen. Kven er dødsdømd utan småbruk? Slik på lang sikt. Ta store deler av næringsmiddelindustrien. Ta ulike greiner av handverksnæringa og reiselivet.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Dårleg nytt for reiselivsnæringa

Konsekvensane for reiselivet er interessante. Turistar kjem til Norge for å oppleva naturen i samspel med kulturlandskap og norsk kulturhistorie. Ein smak av kulturhistorie, for eksempel geitost og spekemat av kje samstundes som ein kan sjå geitene beita i kulturlandskapet, er avhengig av småbruk. Naturen finn me på eller i tilknyting til bygdene, i all hovudsak. Infrastrukturen som gjer det mogleg å koma seg til bygdene og rundt om i bygdene vert halde oppe og utbygd fordi det framleis bur ein del folk der som treng dette, trass alt.

Bygdedød er altså svært dårleg nytt for reiselivsnæringa. Fjernar ein noko ramlar alt som står oppå.

Ole Ramshus Sælthun, rådgiver i Norges Bondelag

Verdiskapinga i og rundt landbruket, bygdeidentiteten, grunnlaget for viktige fritidsaktivitetar på bygda heng altfor tett saman med småbruket til at det går an å tru småbruksdød ikkje vil føra til bygdedød mange stader. Og bygdedød er altså svært dårleg nytt for reiselivsnæringa. Fjernar ein noko ramlar alt som står oppå. Samfunnet er komplekst.

Mot bygdedøden eller uheldig formulering?

Sett i lys av dette er det tre setningar i den blåblåe regjeringsplattforma som seier veldig mykje. Eitt avsnitt startar med følgjande setning: «Landbruk er viktig for mat- og planteproduksjon, bosetting og kulturlandskap Norge». Neste avsnitt startar slik: «Regjeringen ønsker et tydeligere skille mellom landbrukspolitikk og distriktspolitikk.»

Raskare småbruksdød er målet.

Ole Ramshus Sælthun, rådgiver i Norges Bondelag

Fyrst slår ein fast at landbruk er viktig for busetnad, altså at landbruks- og distriktspolitikk heng nøye saman. I neste omgang blir det viktig å skilja desse to. Kva skal ein tru på? Ei tredje setning seier at ein vil ha meir kostnadseffektiv produksjon – det kan ikkje tolkast som noko anna enn ønskje om større, færre bruk. Raskare småbruksdød er målet.

Kor godt innsyn har eigentleg den nye regjeringa i korleis Norge vil sjå ut utan småbruk? Kva akselerasjon av småbruksdød vil riva med seg i fallet? Den oversikta har eg ikkje sjølv, det er for komplekst. Men tankane går fort til Sverige. Tankane eg ikkje vil tenkja.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

Småbruk til jul

Det verkeleg skremmande er at plattforma i fyrste omgang ser ut til å augna ein flik av kompleksiteten for i neste omgang å ikkje bry seg om den. Det kan altså tolkast som at det ikkje er så nøye med bygdedød, eventuelt at dei var uheldige med formuleringane. Eg, og fleire med meg, håpar på det siste.

Å nå eit resultat på ein ikkje-tilfeldig måte i eit samfunn er altså ei krevjande øving. Faren er at kostnadseffektivitet som einsidig resultatmål gjev kortsiktig vinst og tap på lengre sikt.

Tippoldebarna til Høgres rike onklar skulle kanskje ønske at de fikk eit småbruk til jul.

Ole Ramshus Sælthun, rådgiver i Norges Bondelag

Og når me snakkar om langsiktigheit skal eitt poeng til nemnast. På lang sikt vil det bli bruk for den minste jordlappen i den mest utilgjengelege kroken i Norge. Folketalet i verda aukar for kvart år, samstundes som me altså ikkje har meir matjord å ta av globalt, den blir heller bygd ned. Etter kvart som nye land blir rike og kostnadsnivået i desse landa aukar, vil dei også satsa mindre og mindre på jordbruk fordi maten er billegare å importera frå andre. På eit eller anna tidspunkt må matvareprisane bli pressa veldig opp fordi etterspurnaden aukar med meir folk og mindre mat. Då blir det svært lukrativt å vera bonde. Tippoldebarna til Høgres rike onklar skulle kanskje ønske at de fekk eit småbruk til jul.

Til slutt kan eksport av mat bli kutta fordi landa treng maten sin sjølv. Dette er eit tidsspørsmål og perspektivet treng ikkje vera frykteleg langt – det veit me ikkje nøyaktig. Me er tilbake der me starta – mat blir viktigare enn veg. Me hadde berre gløymd det i mellomtida då mat var lett å få tak i.