Hopp til innhold

Foreldre melder kvarandre til barnevernet

Det blir stadig vanlegare at foreldre melder kvarandre til barnevernet i barnefordelingssaker. Fleire barnevernskontor stadfestar denne utviklinga.

Barnevern

KRANGLAR OM BORN: Foreldre blir ikkje samde og melder kvarandre til barnevernet i saker om fordeling.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Advokat Gunnar Lunde meiner det er eit aukande problem at foreldre i ei konfliktsak legg inn uromeldingar på kvarandre, og fryktar barnevernstenesta kryssar grensene for sitt mandat.

– Per i dag er det inga siling eller regel for å sleppe inn ei uromelding til full behandling inn til barnevernstenesta. Det seier advokat Gunnar Lunde.

Han er uroa for at talet uromeldingar mot foreldre i ein tildelingskonflikt, skal få ei kraftig auke når dei involverte i slike saker oppdagar at det er fort gjort å legge inn ei melding til barnevernet.

I eit brev sendt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, uttrykker Lunde si uro for at foreldre i ei barnefordelingssak kan misbruke barnevernstenesta ved å legge inn fleire uromeldingar på kvarandre.

Lunde skriv at han har kjennskap til ei heilt konkret sak der den eine forelderen, som har del i foreldreansvaret, har nytta seg av slike meldingar i stor grad. Han reagerer på at dette skjer utan at den andre forelderen har blitt varsla.

– Burde vere ei sperregrense

Advokaten meiner det er svært problematisk om slike meldingar fører til at barnevernstenesta gjer endringar i kven som skal ha samvær med barna til kva tid. Han understrekar at kommunikasjon mellom partane i ei slik sak er svært viktig.

Gunnar Lunde

UROA: Advokat Gunnar Lunde meiner det er eit aukande problem at foreldre melder kvarandre til barnevernstenesta i konfliktsaker.

Foto: Privat

– Meininga i vårt lovsystem er jo at ein skal samarbeide foreldra i mellom, også når dei har flytta ifrå kvarandre. Det blir jo stort sett gjort når ein har felles foreldreansvar, seier Lunde.

Han legg til at det likevel i aukande grad ikkje blir gjort.

– Ein kan bli freista til å gje ei uromelding til barnevernstenesta, der denne blir tungt og seriøst behandla. Barnevernstenesta burde kanskje hatt ei sperregrense, slik at viss det er felles foreldreansvar, så skal den som sender uromeldinga kunne dokumentere at han eller ho har drøfta det som er urovekkande med den andre part først.

Forlokkande å sende ei melding

Advokaten er svært skeptisk til rettleiaren som ligg føre om forholdet mellom barnelova og barnevernslova. Lunde reagerer spesielt på at det i rettleiaren står at barnevernstenesta kan anbefale å stanse eller endre samværet mellom barnet og forelderen.

I ei barnefordelingssak er det tingretten eller ein domstol som avgjer korleis samværet med barnet skal fordelast foreldra i mellom.

Advokaten meiner barnevernet overprøver si rolle dersom dei går inn og anbefaler den eine parten i ein slik konflikt å endre eller stanse samværet med den andre parten.

Han meiner dette er langt over grensa for kva som er barnevernstenesta sitt domene, og fryktar ei samanblanding av roller.

– Her opnar ein for at barnevernstenesta grip inn i det som er domstolen sitt domene, og der bør vi vel ikkje kome, tenkjer eg.

Gunnar Lunde, advokat

– Her opnar ein for at barnevernstenesta grip inn i det som er domstolen sitt domene, og der bør vi vel ikkje kome, tenkjer eg, seier Lunde.

Han fryktar at denne samanblandinga i roller vil føre til ei stor auke av meldingar inn til barnevernstenesta, noko som vil føre til meir arbeid for ei teneste som allereie har mykje å gjere.

Advokaten meiner det kan vere nokon som augnar moglegheita til å legge inn ei uromelding og dermed får stansa samværet. Eit lettvint alternativ mot å gå via tingretten for å få saka tatt opp.

– Barnevernet har gjennom denne rettleiaren ein stor innverknad over domstolen sitt domene, som eg er veldig skeptisk til. Det kan opne for ei veldig sluse av saker inn til barnevernet. Hugs at alt det som skjer der er gratis å nytte seg av for den enkelte forelder, utdjupar Lunde og legg til:

– Når folk oppdagar dette, at barnevernet kan gi slike råd, så er det jo forlokkande å sende ei uromelding til barnevernet, i staden for å bruke 50 000 kroner eller så, for å bruke domstolen, som eigentleg er vårt system.

– Ein kamp for å ta kvarandre

Barnevernstenesta i Førde kommune har ikkje moglegheit til å stille opp i eit intervju med NRK, men stadfestar i ein e-post at dei kjenner til problemstillinga. Fungerande fagleiar i barnevernstenesta, Oline Grodås, utdjupar:

– Det hender barnevernet opplever at foreldre prøver å få barnevernet til å ta deira side i kampen om barna. Denne kampen har då ofte blitt ein kamp for å ta kvarandre.

Oline Grodås

– Det hender barnevernet opplever at foreldre prøver å få barnevernet til å ta deira side i kampen om barna. Denne kampen har då ofte blitt ein kamp for å ta kvarandre, skriv Grodås og fortsett:

– Førde barnevernsteneste har den siste tida oftare gått inn i saker der foreldre som ikkje bur saman er i stor konflikt om samvær og om kvar barn skal bu. All forsking syner at barn tek skade når foreldra er i stor konflikt, og barnevernstenesta går inn for å prøve å minske skadane.

Grodås gjer det også klart at dette er ei komplisert problemstilling, og påpeiker at det er domstolen som skal avgjere kven som skal ha omsorg for barnet.

– Dette er svært vanskelege saker, og det er viktig å understreke at dette spørsmålet blir avgjort etter Lov om barn og foreldre, eit lovverk som familiekontor og domstolar handhevar og ikkje barnevernstenesta, skriv Grodås i ein e-post til NRK.

Stor auke i meldingar

Også einingsleiar i Helse og Barn i Førde kommune, Ove Mjåtveit, seier at det hender dei opplever at barnevernstenesta får meldingar frå foreldre som kranglar med kvarandre, og kor meldinga blir nytta som eit ledd i kampen om barnet heller enn ei reell uro.

Ove Mjåtveit

STOR AUKE: Einingsleiar i Helse og Barn i Førde kommune, Ove Mjåtveit, seier omfanget i meldingar er vesentleg større i 2014 samanlikna med 2013.

Foto: Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK

Han opplyser også at barnevernstenesta i kommunen for tida har svært mykje å gjere, og at dei har dobla tal meldingar første halvår i 2014 samanlikna med 2013. Alle meldingar skal konkluderast i løpet av ei veke, og dei som går vidare til undersøking, skal sluttførast i løpet av tre månadar.

– Dette er krevjande prosessar – og omfanget er altså vesentleg større i ein periode no. Begge desse fristane blir vi målt på, skriv Mjåtveit i ein e-post til NRK.

– Barna blir ein salderingspost

Ei som har jobba mykje med problematikk rundt konfliktsaker med foreldre og barn, er psykolog og advokat Grethe Norhelle. Ho har i ei årrekke jobba som meklar i familiesaker i Oslo og Akershus, og har jobba mykje innanfor felt som barnevern, mekling og konflikthandtering. Norhelle har mellom anna blitt kjent for boka "Manipulasjon. Forståing og handtering" som kom ut i 2009.

Ho meiner det ofte er slik at foreldre i ein konfliktsak vil nytte seg av manipulasjon som verkemiddel i kampen om barna.

– Viss det er ein far eller ein mor som føler at barnet eller barna føler at dei har betre kontakt med den andre forelderen eller at dei har tatt seg betre av barna, så vil den han eller ho føle seg svakare, for dette begynner jo å bli ein kamp om kven som skal ha barna, forklarar Norhelle, som understrekar at dette ikkje gjeld i alle konfliktsaker, men i mange.

Ho kjenner igjen problemstillinga rundt foreldre som legg inn meldingar på kvarandre, og meiner det kan vere vanskeleg for fagpersonar og sakkunnige å kjenne att kva som er manipulasjon og kva som ikkje er det.

– Det som er veldig gjennomgåande, er at den som er manipulerande seier at han er uroa for omsorgsevna hos den andre, for den er emosjonelt ustabil. Og når då også fagpersonar ser den som emosjonelt ustabil, så støtter jo det den manipulerande sin versjonen av verkelegheita. Men det ein ikkje ser, og det ein gløymer å vurdere, er kvifor den andre har blitt emosjonelt ustabil, understrekar Norhelle.

Det ein ikkje ser og det ein gløymer å vurdere, er korfor den andre har blitt emosjonelt ustabil.

Grethe Norhelle, psykolog og advokat

Psykologen og advokaten meiner det ikkje er rart at fagpersonar fangar opp og oppdagar manipulasjon, men forklarar at det kan føre til store problem i omsorgssaker.

– Det betyr at den som er manipulerande først og fremst ikkje er opptatt av å ta vare på barn, men er opptatt av å ta vare på dette bildet som ein har brukt mykje energi på å skape og som held på å slå sprekkar. Det betyr då, og det er forferdeleg å seie det, at barn blir ein salderingspost i det prosjektet der, seier Norhelle, før ho avsluttar:

– Då handlar det om å trykke den andre ned og sjølv bli vinnar, ikkje å tenke på kva som er best for barnet. Og det seier seg jo sjølv at menneske som har den måten å vere på i sin karakter, ikkje er dei beste omsorgspersonane, dei er for sjølvsentrerte.