Hopp til innhold

Desse hotella blir tekne ut i streik

Fellesforbundet trappar opp hotell- og restaurantstreiken. I Sogn og Fjordane går 136 medlemmer ved ni verksemder ut i streik frå laurdag morgon.

Hotel Alexandra i Loen

LOEN: Hotel Alexandra er eit av dei største hotella i Sogn og Fjordane. Laurdag går om lag 30 tilsette ut i streik.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Bjørn Kormeseth

STREIKEGENERAL: Fylkesleiar Bjørn Kormeseth i Fellesforbundet var måndag kveld på veg til Hotel Alexandra for å ha møte med tillitsvalde og medlemmer.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg trur streikeviljen er stor. Det er ikkje kontakt mellom partane, seier fylkesleiar Bjørn Martin Kormeseth i Fellesforbundet.

Søndag 24. april var hotell- og restaurantstreiken eit faktum. Streiken har alt blitt trappa opp ein gong, men til no har verksemder i Sogn og Fjordane vore skåna. Laurdag klokka 08.00 blir ytterlegare 1000 fagorganiserte i sju fylke tekne ut i streik.

Til saman er dermed 7000 medlemmer i streik. I Sogn og Fjordane blir hotell i Florø, Førde, Sogndal, Høyanger og Loen og Jølster råka.

Ingenting tyder på at streiken blir avblåst med det første, seier Kormeseth i Fellesforbundet avdeling 19.

Skei Hotel taper på nedlegginga av Englandsbåten.

JØLSTER: Thon Skei Hotel er eitt av hotella som blir råka av streiken i hotell- og restaurantbransjen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Konflikten går spesielt på dette med lokal forhandlingsrett. Både i industrien og andre bransjar er dette vanleg, men hotell og restaurant har ikkje avtalefesta lokal forhandlingsrett. Det var det vi ønskte å få til i dette tariffoppgjeret. Dette er ein kamp som har vore kjempa gjennom fleire lønsoppgjer.

Motparten NHO har ikkje ville imøtegå krava.

Alexandra held ope

Kva følgjer streiken får for drifta av dei ulike hotella, veit ikkje Kormeseth, men fleire hotelldirektørar NRK har snakka med strekar under at dei vil freiste å halde ope.

– I første omgang betyr det ikkje så veldig mykje. Vi kjem til å halde ope som vanleg. Det blir nokre avdelingar som kanskje blir litt dårleg bemanna, men det vil ikkje skape problem for drifta av hotellet, seier Eivind Grov ved Hotel Alexandra i Loen.

Han anslår at om lag 30 av totalt 100–120 tilsette ved hotellet er organiserte.

– Det er berre å møte opp. Vi kjem ikkje til å stenge. Men det klart, vi veit ikkje korleis det går viss streiken blir veldig langvarig. Når vi kjem ut i juni blir situasjonen litt annleis, vedgår Grov.

Scandic Sunnfjord Hotell

FØRDE: Scandic Sunnfjord Hotell & Spa blir råka av streiken.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Lovar konfirmasjonar som avtalt

Heller ikkje Scandic Sunnfjord Hotel i Førde, som saman med Hotel Alexandra er den største aktøren i Sogn og Fjordane, ser føre seg å stenge dørene med det første.

– Vi skal ha ein full gjennomgang av dette tysdag morgon. Det er 29 medlemmer i Fellesforbundet som går ut i streik, opplyser hotelldirektør Odd Erik Gullaksen som til saman har 125 tilsette ved hotellet.

Quality Maritime Hotel i Florø

FLORØ: Quality Maritime Hotel Florø blir råka av streik.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Målet er at vi skal halde hotellet ope for dei av gjestene våre som har bestilt. Vi har konfirmasjonar til helga. Målet vårt er at vi skal få gjennomført desse på ein fin måte, seier Gullaksen.

Også ved Quality Hotel Maritim Florø ser ein føre seg å klare å halde drifta i gang.

– Vi skal ha eit møte i morgon, men planen er å halde ope. Vi har vore førebudde på at det kunne bli streik, opplyser hotelldirektør Lars Jonas Alander til NRK måndag kveld.

Verksemda Florø Hotelldrift, som står bak hotellet, står oppført med til saman 52 tilsette. Ifølgje Alander er ni tilsette fagorganiserte, av om lag 23 årsverk.

Quality Sogndal Hotell

SOGNDAL: Quality Sogndal Hotel blir råka av streiken.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ved Quality Sogndal Hotel opplyser direktør Jørgen Christian Linstrøm at dei enno ikkje har oversikt over kva følgjer streiken vil få.

Hadde helst sett at dei stengde

I Fellesforbundet hadde fylkesleiar Bjørn Martin Kormeseth helst sett at hotella stengde dørene.

– Det blir opp til dei, men vi synest det hadde vore enklare om dei hadde permittert dei resterande tilsette og stengt hotella. Det vil bli tøft for hotella å drive med redusert bemanning. Vi må markere oss framfor hotella og stå med streikevakter og informere både gjester og tilsette om konflikten.

Han legg til at dei ikkje er ute etter å ta uorganiserte hotelltilsette, som trass alt har ei arbeidsplikt, men streikevaktene vil følgje med på at ikkje andre tek over dei streikande sine arbeidsoppgåver.