Hopp til innhold

Ikkje plass til Jesus på Munkekjelleren

Pub-predikanten Glenn Wiik er utestengd frå uteplassen Munkekjelleren i Haugesund. Ikkje på grunn av fyll eller vald, men fordi han snakkar for mykje om Jesus.

Glenn Wiik
Foto: Thomas Halleland / NRK

Det er laurdag kveld og Glenn Wiik parkerer bilen sin i Haugesund sentrum. Han skal på bar, men ikkje med same intensjon som dei fleste andre.

– No skal eg rusla meg ein tur på byen og sjå om eg finn nokre kjentfolk.

Wiik er kristen. Det vil han dela med så mange som mogleg, og det har han gjort fleire gonger i veka dei siste tre åra.

– Eg er ute med mange forskjellige motiv, for å seia det slik. Eg ønskjer å velsigna folk, eg ønskjer at folk skal ha det bra, og så er det ei fantastisk fin oppleving å vera sosial med folk som ikkje har det same tankesettet som seg sjølv. Eg trur at me kristne har isolert oss litt for lenge.

På veg inn på ein av byens utestadar møter Wiik mange han kjenner, og praten slår fort over på eitt spesielt tema.

– Gud, æva, Jesus og alt mogleg.

– Har fått klager

Det er særleg fire pubar Wiik har brukt å gå på. No er det berre tre, for innehavaren på utestaden Munkekjelleren, Anders Bergstrand, har gitt klar og tydeleg beskjed: Wiik er ikkje lenger velkomen.

Anders Bergstrand

SLEPP IKKJE INN PÅ MUNKEKJELLAREN: Det har innehavar Anders Bergstrand bestemd.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Me har fått ein del klager på at han snakkar til gjestene våre om si sak.

– Han påstår at han ikkje får klager direkte til han?

– Nei, og det har han sagt til meg også. Men kundane kjem ikkje til han, dei kjem til meg med klagene. Dei føler at han er påtrengande, seier Bergstrand.

Eigedomsretten gir innehavaren lov til å stengja Wiik ute på bakgrunn av klagene frå gjestene.

– Kva må han gjera for å sleppa inn att?

– Han slepp inn som alle andre, så lenge eg ikkje får klager på han, seier innehavaren.

– Ein må trø varsamt

Arne Dalby

– DEI MÅ TA INITIATIVET: Det seier diakon Arve Dalby.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Utanfor Vår Frelsers kyrkje i Haugesund les diakon Arve Dalby frå eit skilt som er festa på ein benk. Sjølv er han mykje rundt i Haugesund for å snakka med folk.

– Eg tenkjer at det er viktig å gi moglegheit til å snakka om store og vanskelege spørsmål som sorg, glede, tru og frelse. Men det er veldig viktig for meg at det er den eg snakkar med som set agendaen. Eg lyttar og svarar på spørsmål, og fortel gjerne om folk vil høyra.

Dalby meiner det er viktig å trå varsamt når ein skal snakka med folk om dei store spørsmåla i livet.

– Nytt syn på livet

På uteplassen Memphis har Wiik kome i tale med nokre vener. Ingen av dei har noko stygt å seia om pub-predikanten.

– Det gjer ikkje meg noko, han veit kva eg meiner likevel, seier ein mann som er ute på byen.

– Han snakkar med alle på ein hyggjeleg måte. Eg har ikkje noko vondt å seia om han, seier ei kvinne.

– Eg tykkjer det er veldig positivt. Eg har aldri vore noko særleg kristen av meg, men etter at eg trefte Glenn så har eg fått eit heilt nytt syn på livet, og han har hjelpt meg gjennom ei veldig vanskeleg periode i livet, seier ei anna kvinne.

– Berre om det fell naturleg

Han er ikkje utestengd frå Memphis, men innehavar Jan Helge Johannessen innrømmer at han har vore inne på tanken.

– Det er det at han set seg ned med folk som er ute for å kosa seg, ta seg ei øl og slappa av, så kjem han med bibelorda sine som ikkje passar inn på ein utestad.

– Får du mange klager på han?

– Eg har fått nokre tilbakemeldingar om han, ja.

– Positivt eller negativt?

– Det vil eg seia er negativt.

Wiik er klar på at han ikkje pratar om kristendom med mindre sjansen byr seg fram naturleg.

– Er det slik at du kjem med bibelversa dine og pressar deg på?

– Eg gjer ikkje det, altså. Eg går inn på ein plass med respekt og forståing for at det er mange som ikkje tenkjer slik som meg. Eg kan gå inn ein plass ein kveld utan å snakka om dette i det heile tatt, fordi det ikkje blir naturleg å ta det opp. Eg søkjer ikkje kontakt med folk som det er unaturleg for meg å søkja kontakt med, seier han.

Wiik er klar over at han ikkje er like populær på alle pubane i byen.
Men han synest at klagene på han ikkje er ein god nok grunn til å stenga han ute.

– Når eg er ute på utestader så er det mykje som blir sagt og gjort, og eg tykkjer ein må ha toleranse for kvarandre. Det er mange folk med mange ulike meiningar. Det er mange som uttrykker seg høgt og tydeleg, og då må det vera rom for forskjellige måtar å tenkja på.