Hopp til innhold

Risakonsernet sel AS Betong

Risakonsernet sel AS Betong til det internasjonale selskapet Consolis.

Spenncon kjøper AS Betong

Her har Risakonsernet sin eigar, Bjørn Risa, signert avtalen med administrerande direktør i Spenncon, Ingrid Dahl Hovland. Avtalen viser at AS Betong er seld til Spenncon.

Foto: Spenncon

Consolis har alt nå dotterselskapet Spenncon i Norge. Spenncon har i dag seks fabrikkar i Norge, blant dei fabrikken på Foss/Eikeland i Sandnes.

AS Betong har 130 tilsette ved elementfabrikken på industriområdet Skurve i Gjesdal, og omsette for 239 millionar kroner i fjor.

– Spenncom har lang erfaring med betongfasadar til bygg. Etter oppkjøpet kan me levera fleire ulike typar overflatebehandlingar, for eksempel slipte betongfasadar, seier administrerande direktør i Spenncon, Ingrid Dahl Hovland, i ei pressemelding.

Dei nye eigarane seier det ikkje blir endringar i bemanninga. AS Betong kommenterer eigarbyte slik:

– Me i AS Betong er glade for å bli ein del av landets leiande leverandør av prefabrikkerte betongelement for bygg og anlegg, seier administrerande direktør i AS Betong, Åsulv Salte, i pressemeldinga.

Spenncon har 640 tilsette og ein omsetnad på over 1,2 milliardar kroner. Spenncon inngår i konsernet Consolis SAS, med 10.000 tilsette i 30 land og ein omsetnad på over 10 milliardar kroner.

Oppkjøpet må godkjennast av Konkurransetilsynet. Det er venta at godkjenninga er klar i august.

AS Betong

Dei tilsette i AS Betong blei orienterte om eigarbyte i dag.

Foto: Spenncon