Hopp til innhold

Omstridd politiaksjon mot Hells Angels-fest

Politiet får både ris og ros etter dei aksjonerte mot ein fest i Hells Angels sine klubblokale på Braut i helga. Alle utlendingane som blei tatt er nå sendt ut av landet.

Politi ved Hells Angels-lokale på Braut

Politiet tok 25 personar i samanheng med ein Hells Angels-fest på Jæren i helga.

Foto: Ole André Lagmandokk / NRK

Anders Werp

Anders Werp i Høgre meiner at politiet i Stavanger fortener ros.

Foto: Anders Nielsen / NRK

– Politiet har brukt usaklege argument for pågripingane, og saksbehandlinga er så grov at det er grunn til å vera sjokkert, seier advokat Geir Jøsendal til Aftenbladet.no.

Fleire tatt

Han snakkar om politiet sin aksjon mot ein Hells Angels fest på Jæren i helga, der heile fleire personar blei tatt med til arresten.

Fleire av desse var utanlandske frå Danmark, Tyskland, Luxemburg og Serbia. Desse er nå sendt tilbake skriv Jærbladet på nett.

Allereie tidleg fredag ettermiddag tok politiet oppstilling utanfor festlokalet på Braut. Dei var også til stades på Stavanger Lufthamn Sola fredag .

Geir Jøsendal

Forsvarar Geir Jøsendal meiner at politiet sin aksjon var absurd.

Foto: Zbigniew Czaplicki / NRK

– Absurd

Jøsendal er forsvarar for fleire av dei utanlandske som blei tatt, og han meiner at politiet ikkje har brukt lova riktig.

Politiet har brukt utlendingslova sin paragraf 106 som seier at ein utlending kan bli fengsla eller pågripen dersom det er mistanke om at vedkomande ikkje har til hensikt å forlata landet.

– Det er absurd. Alle har vore i Norge mange gonger før. Dei har alltid reist frå landet frivillig. Alle hadde returbillett heim. Allereie her snublar altså politiet i sin bruk av lova, seier Jøsendal til Aftenbladet.

Forsvararen har klaga alle sakene inn til UDI.

Hells Angels

Werp seier at det er viktig å vera klar på at samfunnet ikkje tolererar det såkalla ein prosent miljøet.

Foto: PHILIPP GUELLAND / Afp

Ros frå stortingsrepresentant

Nå har stortingsrepresentant frå Høgre Anders Werp teke til motmæle, han meiner at politiet berre fortener ros for aksjonen i helga:

– Det er viktig at samfunnet er heilt klare på at me ikkje tolererar desse miljøa. Ver klar over at dei såkalla ein prosent-miljøa i Norge er dei best organiserte kriminelle miljøet i landet, seier Werp.

Han har tiltru til at politiet har følgt lova og at dei kan svara for seg når det kjem til kva paragrafar dei har brukt.

– Vi får se hva UDI sier

– Politiet i Stavanger fortener all mulig ros for at dei reagerte slik dei gjorde, seier Werp.

Politimeister i Rogaland politidistrikt, Hans Vik, vil ikkje gå inn på bakgrunnen for arrestasjonane politiet gjorde.

– Me meiner me har grunnlag for å gjera det me har gjort. Det er klagemogligheiter som dei nå vil nytta. Så får me sjå kva hva UDI sier. Hvis dei meiner med tar feil, får me heller justera kursen, seier Vik.