Hopp til innhold

- Hadde folk sett vegen frå båten min hadde dei slutta å køyra her

Grunneigar Tor Olav Gya har venta på rassikringa i 20 år. Nå skal det koma 500 meter lang tunell gjennom den farlege vegstrekninga.

Rassikring Gyadalen

Fylkesveg 42 er hovudferdsleåra til Sirdal om vinteren når Hunnedalen er stengt, det går jamleg ras på vegen.

Foto: Øystein Ellingsen

Rassikring Gyadalen

Det overhengande fjellet når langt ut i vegbanen.

Foto: Øystein Ellingsen

– Det er ein stor fare for folk å køyra her, jamleg går det ras, seier grunneigaren, Tor Olav Gya, som er nøgd med at politikarane nå vil rassikra strekninga.

Han kan fortelja at han fleire gonger har vore med på å brekka folk laus, som har fått steinar over bilane. Fleire personar han har hjelpt har vore avsvima.

I 20 år har han venta på at vegen skal sikrast, og i følgje samferdselssjef i Rogaland Gunnar Eiterjord, er det sett av midlar til å gjennomføra rassikringa innan 2014.

Tilgang på rassikringsmidlar

Gunnar Eiterjord kan fortelja at det er tilgang på statlege midler som er bevilga til fylkesvegnettet som nå gjer dette mogleg.

– Men kvifor har ikkje dette kome tidlegare?

– Det er på grunn av finansieringa dette ikkje har kome tidlegare, men nå er pengane øyremerka. Dette er eit av dei mest rasfarlege strekka me har på fylkesvegnettet i Rogaland.

Rassikring Gyadalen Tor Olav Gya

Tor Olav Gya har mange gonger hjelpt folk som har vore fastklemde etter ras.

Foto: Øystein Ellingsen
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.