Den norske vinterkulda har stukke kjeppar i hjula på elbilprodusenten Tesla sin bestseljar, Model S. I det siste har mange rapportert om ladetrøbbel når temperaturen kryp ned på minussida.
Laurdag kom Tesla-sjefen i eigen person til Noreg for å visa at dei tek problemet på alvor, og for å relansera Tesla som vinterbil.
– Noreg er ein av dei viktigaste marknadene i verda for oss. Hovusbodskapen er at me verkeleg bryr oss om kundane våre her i Noreg og at me ønskjer å gjera alt me maktar for å tilfredsstilla dei, sa Tesla-skaparen Elon Musk til NRK like før han møtte fanskaren sin på Folketeateret i Oslo laurdag.
Lovar problemfri vinterlading
Tesla-skaparen Elon Musk er kjend for å sikta høgt, og har sett seg som mål å fjerna bensinbilane frå vegane. Ambisjonen for den norske marknaden er også høg: å selja heile 200.000 nye bilar i løpet av dei neste ti åra.
Tesla har allereie ein solid tilhengarskare i Noreg, landet som kjøper flest Tesla-bilar i heile Europa.
Det særnorske problemet med lading i vinterkulde har difor fått høg prioritet, og skal no vera ein saga blott.
– Ein trudde først at det var ladekabelen som svikta i vinterklimaet. Sidan har det vist seg at det er spenninga i det norske straumnettet som varierer meir enn venta, forklara Musk under møtet i Oslo laurdag.
1400 møtte Tesla-sjefen
Problemet såg ikkje ut til å ha lagt ein dempar på entusiasmen til dei 1400 frå ulike delar av landet som kom til Folketeateret i Oslo for å høyra på Musk.
Applausen og latteren runga. Frå salen fekk han både spørsmål og råd om korleis han kan gjera bilen betre.
Det store oppmøtet overraska Tesla-sjefen.
– Intensjonen var å ha eit uformelt, koseleg folkemøte på Tesla-servicesenteret, men det var ikkje plass til 1400-1500 menneske der. Mange blei skuffa då dei ikkje fekk plass på møtet, så no har me flytta det til teateret, fortel Musk.
Tesla er den nest mest selde elbilen i i landet etter Nissan Leaf, ifølgje Opplysningsrådet for Vegtrafikken AS.
I fjor blei det totalt registrert om lag 7700 elektriske personbilar i Noreg - ei dobling frå 2012. Totalt er det over 20.000 elbilar på norske vegar, ifølgje Norsk Elbilforening.