Hopp til innhold

Rekordpris for vrak-champagne

Ei flaske med Veuve Clicquot, henta ut frå eit skip som forliste i Østersjøen på 1800-talet, blei fredag seld for rekordhøge 30.000 euro på auksjon.

FINLAND-HISTORY-WINE-CHAMPAGNE

Det blei sett verdsrekord under auksjonen på den finske øya Åland fredag. Auksjonariusen fekk inn 225.000 norske kroner for ei nesten 200 år gammal flaske med champagne.

Foto: SARI GUSTAFSSON / Afp

Ein person frå Singapore vann budrunden på auksjonen i Åland i Finland, og fekk den nesten 200 år gamle champagneflaska av typen Veuve Clicquot, eller «gul enke» til om lag 230.000 kroner.

Det er den høgaste prisen som nokosinne er betalt for ei champagneflaske.

Den førre rekorden blei sett i 2008, då ei flaske Dom Perignon Rose frå 1959 gjekk for 225.000 kr.

Fann 168 flasker på havbotnen

I fjor sommar fann ein finsk dykkar i alt 168 flasker champagne i vraket utanfor den finske øya Åland. Ekspertar trur champagnen vart produsert ein gong i tidsrommet 1780 til 1830, og at den var på veg til hoffet til Tsar Nicholas av Russland då skipet gjekk ned.

Styresmaktene på øya bestemte seg i fjor haust for å auksjonera vekk to av flaskene.

Den andre flaska som blei auksjonert vekk, var frå Juglar, eit merke som gjekk ut av produksjon i starten av det 19.århundret. Juglar-flaska blei seld for 24 000 euro, eller om lag 190 000 norske kroner