Hopp til innhold

Ordførar: – Ein byggjer ikkje landet med å spara seg til fant

Aldri før har gjelda i kommune-Noreg vore høgare. KS manar til budsjett-slanking, men versting-kommunen har ingen planar om å knyta igjen pengesekken.

Ordfører i Bjugn Arnfinn Astad da grunnsteinen til Fosenhallen ble lagt.

Ordførar i gjeldstynga Bjugn kommune, Arnfinn Astad, seier dei har investert i folkehelse og dugnadsand.

Foto: NRK.

– Eg er ikkje uroa. Ein byggjer ikkje landet med å spara seg til fant, seier Arnfinn Astad som er ordførar i den mest gjeldstynga kommunen i Noreg: Bjugn i Sør-Trøndelag.

Bjugn er langt ifrå den einaste av dei 430 kommunane i landet med raude tal. Kommunegjelda har nemleg aldri vore høgare enn det den er no, syner ein analyse som Kommunesektorens interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon (KS) har gjort.

Økte med titalls milliardar

Den nye gjeldsanalysen frå KS er ikkje nådig. Skal kommunane klara å betala ned låna sine, må dei nytta kraftigare verkemiddel enn ostehøvel på budsjetta sine.

Heilt ferske tal viser at kommunegjelda auka med 38 mrd kroner. Det er ei auke på heile 15 prosent frå året før.

– Det siste året har kommune-gjelda auka kraftig, og den har aldri vore høgare, fortel sjeføkonom Per Richard Johansen i KS.

Kommunane med høgast gjeld

 

Kommune

Inntekt per innbyggjar
- tusen kroner

Gjeld i pst. av inntekt i 2009

1

Bjugn

67,4

187%

2

Moskenes

75,7

175%

3

Hammerfest

88,3

156%

4

Stranda

67,2

152%

5

Vega

77,3

151%

6

Hitra

69,9

141%

7

Ullensaker

50,2

128%

8

Nordkapp

74,9

123%

8

Lindesnes

59,3

123%

9

Stord

53,2

122%

10

Lørenskog

54,0

120%

Ekspander/minimer faktaboks

Kommunane med høgast gjeld (2009)

Ishall til 80 millionar

Ein ny innandørs ishall til 80 millionar kroner er blant investeringane som har fått Bjugn kommune til hamna på toppen av gjeldslista.

Men ordførar Astad føler ikkje at han er på glattisen. Han seier bygginga av ein vidaregåande skule forklarer mykje av gjeldstyngda. Når fylkeskommunen snart tek over skulen, vil gjelda til Bjugn verta redusert med 175 millionar kroner, ifølgje Astad.

– Då vil me truleg liggja midt på treet på gjeldslista over norske kommunar.

Kommunane med minst gjeld

 

Kommune

Inntekt per innbyggjar
- tusen kroner

Gjeld i pst.
av inntekt i 2009

1

Fyresdal

90,4

-18%

2

Eidfjord

156,5

-12%

3

Etnedal

76,8

-11%

4

Bykle

212,3

-5%

5

Utsira

196,3

-4%

6

Vang

109,7

1%

7

Ulvik

96,6

8%

8

Iveland

83,7

10%

8

Krødsherad

64,7

10%

9

Røyken

50,7

15%

9

Ål

95,7

15%

10

Berlevåg

98,7

17%

10

Skjåk

88,1

17%

Ekspander/minimer faktaboks

Kommunane med lågast gjeld (2009)

– Utgiftene må ned

Dersom kommunane fortset i same tralten som i dag, kjem gjelda til å auka enda meir. Det vil vera å gjera seg sjølve ein bjørneteneste, meiner Johansen.

– Det stiller kommunen i ein veldig vanskeleg situasjon dersom me får dårlege tider for kommuneøkonomien, seier han og viser til høge renter og svak inntekstvekst som sannsynlege konsekvensar.

KS seier dei ikkje kjem til å be regjeringa om meir pengar til kommunane. Dette må kommunane klara sjølve.

Kva må verstingane gjera for å koma seg ut av ein slilk situasjon?

– Dei må gjera noko med det som er mogleg å gjera noko med: utgiftssida. Enten må dei kutta i driftsutgiftene eller i investeringane sine, fortel sjeføkonom Johansen i KS.

KRONPRINSPARET I FYRESDAL

Fyresdal kommune i Telemark er den kommunen i landet som har minst gjeld på baken. Her under eit besøk av Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit (arkivfoto).

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

– Investerer i folkehelse og dugnad

I gjeldsråka Bjugn kommune prellar åtvaringa til KS rett av. Ordføraren har nemleg ingen planar om innføra smalhans-tilstander.

– Me har satsa mykje pengar på kultur og på denne nye ishallen. Det er eit betydeleg lyft som folkehelsa og ikkje minst dugnadsånda vil tena på, seier Ap-politikaren.

Du deler ikkje KS sine bekymringar?

–Jo i den forstand at me alle skal ta vare på det me har og ikkje bruka i utrengsmål. Men skulle me gått etter blårussen sine reknestykke, hadde jernbana i Noreg stoppa i Eidsvoll, seier Astad.