Hopp til innhold

Opptente pensjonskroner kan investerast i aksjemarknaden

Stortinget gav i går samrøystes klarsignal til at det skal bli mogleg å investere opptente pensjonskroner i aksjemarknaden.

Pensjon

No blir det mogleg å investere delar den opptente pensjonen i aksjemarknaden.

Foto: Tor Richardsen / Scanpix

Dermed vil alle om kort tid få sjansen til å velje sjølve om dei vil satse ein større del av pensjonen sin på aksjar.

Arve Kambe (H)

Arve Kambe (H) trur vedtaket kan få store konsekvensar for mange.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

I går ettermiddag avgjorde eit samrøystes storting å innføre fritt investeringsval på fripolisar, som altså er pengane ein har tenkt opp i pensjon frå tidlegare arbeidsgjevarar.

– Store konsekvensar

Opposisjonen røysta for forslaget, men korkje Høgre eller Framstegspartiet vil oppmode folk om å satse ein større del av eigne pengar på aksjemarknaden.

Stortingsrepresentant Arve Kambe frå Høgre meiner at vedtaket kan få store konsekvensar for mange.

– Nokre vil sikkert gjere kloke val, andre vil gjere dumme val, som i alle andre samanhengar. Det er viktig å finne nokon som kan investering, og som ein stolar på. Marknaden er veldig uoversiktleg for mange menneske, så her må alle ha is i

ketil solvik-olsen

Ketil Solvik-Olsen (Frp) meiner risikoen er stor for at mange vil tape pengar.

magen og det må gjerast på ein god måte, seier han.

– Valfridom er nøkkelordet

Valfridom er nøkkelordet for Framstegspartiet, seier nestleiar i finanskomiteen på Stortinget, Ketil Solvik Olsen. Men han vedgår at når alle får sjansen til å satse pengane sine for å auke eigen pensjon, er også risikoen stor for at mange vil tape pengar.

– Ein bør ikkje spekulere med sin eigen pensjon, det er pengar ein ikkje har råd til å tape. At folk har ekstra pengar i kvardagen dei vil satse, anten ved eit lodd i Norsk Tipping eller eit lodd i aksjemarknaden, det er greitt, men pensjonen må ein vere sikker på er på plass når alderdomen kjem, seier Solvik-Olsen.

LES OGSÅ: – Folk kan bli lurt til å satse pensjonen sin

LES OGSÅ: Slik blir de nye pensjonsreglene