Hopp til innhold

Tomt for Lofoten-olje i løpet av eitt år

Områda utanfor Lofoten og Vesterålen ville ha vore tomme for olje og gass på under eitt år, dersom produksjonstempoet hadde vore det same der som på norsk sokkel i 2010.

Gaute Wahl

Leiaren i folkeaksjonen Oljefritt i Lofoten, Vesterålen og Senja, Gaute Wahl, meiner det er absurd å risikera store miljøverdiar for ei kort utviding av oljealderen (arkivfoto).

Foto: NRK

Oljenæringa argumenterer hardt for å få kloa i det svarte gullet som angiveleg gøymer seg utanfor kysten av Lofoten, Vesterålen og Senja.

Tysdag førre veke uttalte Statoil-sjef Helge Lund at industrien skrik etter nye oljefelt. Han spår ein snarleg slutt på det norske oljeeventyret med mindre Lofoten og omegn vert opna for oljeboring.

Men mengda olje og gass som Oljedirektoratet meiner skjuler seg i desse havområda, tilsvarer reint hypotetisk ti månader med produksjon på norsk sokkel, viser utrekningar NRK har gjort basert på ferske tal frå Oljedirektoratet.

Tilsvarar eitt års produksjon

OD kunngjorde i dag rekneskapet for petroleumsproduksjonen i 2010.

Den totale petroleumsproduksjonen i Noreg var i fjor på om lag 230 millionar oljeekvivalentar eller ca. 1,4 mrd. fat.

Ifølgje OD rommar områda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja 202 millionar oljeekvivalentar, eller 1,3 mrd. fat.

I teorien vil boring i desse områda dermed gje ein kortvarig oljerenessanse.

Oljeboring i Lofoten og Vesterålen, kart

Før påske skal regjeringa ta stilling til forvaltingsplanen for Barentshavet, Lofoten og Vesterålen.

Foto: Grafikk: NRK / NRK

– Spekulativt av Statoil

Leiaren i folkeaksjonen Oljefritt i Lofoten, Vesterålen og Senja, Gaute Wahl, meiner difor at Statoil-sjefen fer med løgn når han seier det er snipp snapp snute for oljeeventyret dersom det ikkje vert opna for oljeboring i Lofoten.

– Det er svært spekulativt av Helge Lund å gje inntrykk av at den norske oljeframtida og velferdssamfunnet kviler på Lofoten og Vesterålen sine skuldrer. Det er jo snakk om ei utsetjing på under eitt år, meiner Wahl.

Dagsnytt i NRK P1, tysdag 04.01.2011.

Statoil stiller seg skeptiske til å samanlikna årsproduksjonen på norsk sokkel med ressursane angiveleg finst i Nordland-felta.

– Ikkje samanliknbart

Pressekontakt i Statoil, Jannik Lindbæk Jr.

Pressekontakt i Statoil, Jannik Lindbæk Jr.

Foto: Harald Pettersen / Statoil

– Dette blir ei rar samanstilling. Det ligg heilt andre føresetnader bak den årlege petroleumsproduksjonen på norsk sokkel samla, enn det som er tilfellet for utvinninga av dei totale ressursane utanfor Lofoten og Vesterålen, seier pressekontakt i Statoil ASA, Jannik Lindbæk Jr.

Han meiner dessutan at dagens estimat på kor mykje olje og gass som faktisk skjuler seg her, er for usikre til å nyttast som eit godt argument mot oljeleiting.

– Det vil me først få svar på dersom me set i gang med leitinga. For å unngå svikt i verdiskapinga etter 2020, må ein opna for oljeleiting i Lofoten no, seier Lindbæk Jr.

– Ressursbløff

Snorre Valen, miljøpolitisk talsmann i SV

Snorre Valen, miljøpolitisk talsmann i SV.

Foto: NRK

Før påske skal regjeringa ta stilling til forvaltingsplanen for Barentshavet, Lofoten og Vesterålen. Dei ulike aktørane arbeider no intenst for å trekkja politikarane i retning av sine interesser.

Wahl, leiaren for folkeaksjonen mot boring i Lofoten, tykkjer det vil vera absurd å risikera dette kystområdet - den største fødestova for skrei, viktige miljøverdiar og næringsgrunnlaget til lokalbefolkninga for ei kort utviding av oljealderen.

– Dette er ei omstilling me uansett må ta tak i. Spørsmålet er om me skal ha ei gradvis nedtrapping og overføring til fornybare ressursar, eller om me skal tuta og køyra på til siste oljedråpe, seier Wahl.

Han får støtte frå miljøpolitisk talsmann i SV, Snorre Valen, som meiner Statoil serverer ein ressurs-bløff.

– Lund sin påstand er sterkt villeiande. Selskapet bles opp mengda og betydinga av olje og gass i Barentshavet, seier Valen som også viser til nærleiken mellom produksjonstala for 2010 og ressursanslaget i Nordland-felta.

Avviser ekspress-tøming

Ifølgje Oljedirektoratet er det i praksis heilt umogleg å tømma Lofoten og Vesterålen for olje på under eitt år.

– Det er ikkje mogleg av både teknologiske og geologiske omsyn, seier for petroleumsøkonomi i OD, Benvenutta Henrikssen.

Ho viser til at produksjonstalet for 2010 representerer mange funn fleire stader på norsk sokkel, medan Lofoten og Vesterålen er eit meir konsentrert område.

– For det første finst det ikkje den type gigantanlegg. For det andre ville reservoara ha kollapsa dersom ein skulle ha pressa ut så mykje olje og gass på så kort tid, forklarer Henrikssen.

Tidsscenarioet som OD opererer med er frå 13 til 33 år.

Ekstraolje for 7000 milliardar

Uansett tidsperspektiv, Valen i SV meiner det finst andre, mindre risikofylte måtar å auka oljeinntektene på.

Han viser til Åm-utvalet sin rapport om auka oljeutvinning som blei overlevert til oljeminister Terje Riis-Johansen i september i fjor.

Rapporten konkluderer med at det er mogleg å tyna ut ekstraolje for 7000 mrd. kroner i bruttoverdiar frå felt som allereie er i produksjon.

– I dag forlét oljeselskapa halvfulle felt. Auka utvinning frå eksisterande felt kan gje 12,5 gonger meir enn ressursane utanfor Lofoten og Vesterålen, fortel Valen.

Også Oljedirektør Bente Nyland er uroa over at så store mengder olje vert liggande att i felta, og etterlyser kraftigare tiltak frå oljeselskapa for å sikra verdiane.

– Det er ei utfordring at selskapa på norsk sokkel ikkje utnyttar felta våre maksimalt. Sjølv om utvinningsgraden er i verdstoppen, er me ikkje nøgde, seier Nyland i ei pressemelding om sokkelåret 2010.

Usikre på Lofoten-verdiar

I 2009 sopa staten inn totalt 280 milliardar kroner i netto petroleumsinntekter.

Til samanlikning er nettoverdien av dei forventa oljeressursane utanfor Lofoten og Vesterålen vurdert til 100 milliardar kroner, ifølgje Oljedirektoratet.

– Men estimatet er svært usikkert, påpeiker Henrikssen i OD.

Ho seier oljeboring i desse områda kan føra til alt ifrå tap av sju mrd. i leitekostnader, til 680 milliardar i nettoinntekter.

– Det er avhengig av storleiken og konsentrasjonen på funna. Mykje olje konsentrert i store felt vil gje stor lønsemd, medan lite olje fordelt på små akkumulasjonar vil gje dårleg avkastning, fortel Henrikssen.

Frykt for ny oljekatastrofe

Oljekatastrofen i Mexicogolfen har vekt bekymring og frykt for liknande oljeutslepp og miljøøydeleggingar på norsk sokkel.

Ei risikogruppe leverte på tampen av 2010 ein rapport til regjeringa som vurderer faren for at ei liknande ulukke kan skje i Barentshavet.

Rapporten trekk fram fleire moglege scenario som vil innebera ein høg miljørisiko for Lofoten, Vesterålen og Senja. Forfattarane viser blant anna til dei store førekomstane av «sårbare miljøverdiar i kystsona og på ope hav».

– Låg risiko for miljøskadar

Oljeindustriens Landsforening (OLF) sende nyleg ei høyringsuttaling til miljøverndepartementet der dei argumenterte sterkt for oljeverksemd i Lofoten- og Vesterålen.

OLF og OD vurderer begge risikoen for ei Mexico-utblåsing utanfor Lofoten som «svært låg»:

«...mange overdriver betydningen av hendelser som har liten sannsynlighet (...) Sammenliknet med en inntektsside på 105 milliarder kroner, med det øvre utfallsrom på 650 milliarder, viser dette hvor stor den samfunnsøkonomiske lønnsomheten av denne virksomheten er», heiter det i uttalinga frå OLF.

Til forskjel frå OD sitt anslag på 1,3 mrd. fat, meiner OLF at det skjuler seg heile 3,4 millardar fat petroleum utanfor desse områda.