Hopp til innhold

Saab kan bli norsk

Den norske stat skal ha vore på hemmeleg besøk til Saab-fabrikken i Trollhättan.

Saab
Foto: ERIK ABEL / SCANPIX / SCANPIX SWEDEN

Representantar frå den norske regjeringa har i løyndom vore i Trollhättan og kikka på fabrikklokala.

- Det finst planar for ein norsk elhybridsatsing, seier ei kjelde i General Motors til den svenske avisa Expressen.

Elhybrid-bilane skal ha utsping i Noreg, men byggjast i Sverige dersom Saab kjem i norske hender.

Think inne i bildet

Noreg har tidlegare satsa på elbilen Think, og eigarane har vore interessert i å flytte produksjonen utanlands . Think-satsinga har gått tregt og har hatt fleire krisemøte med regjeringa.

Det er mogleg at interessa rundt Saab kan ha samanheng med Think-prosjektet, meiner Expressen.

Nektar å kommentere

Til saman er det 27 interessentar som har vist interesse for å kjøpe Saab av General Motors. Kinesiske Geely blir rekna for å vere dei som ligg best an for å kjøpe Saab.

Salet av Saab skal vere klart i løpet av juni, og bilprodusenten har kategorisk unngått å kommentere kven dei eventuelle kjøparane er.

Les også: Katastrofalt Saab-salg i Norge

Les også: 750 må gå i Saab