Hopp til innhold

- Det kan framleis skje under

– Det er ikkje vanleg å greie å forhandle seg fram til meir, når andre har skrive under ein avtale. Men det kan framleis skje under i dette landet, seier forhandlingsleiar i UNIO Stat, Arne Johannessen.

Streik

Arne Johannessen har ikkje gitt opp håpet om eit under.

Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpix

Arne Johannessen har humøret intakt sjølv etter to knallharde døgn med forhandlingar. I eit intervju med NRK forsikrar at han har eit realistisk forhold til situasjonen, etter at YS Stat valde å godta staten sitt tilbod.

– Når vi meiner at tilbodet er for dårleg, så kan ikkje stå med rak rygg og sjå medlemene i auga og seie at eg kan gå inn for tilbodet frå staten, seier han.

LES OGSÅ: Vi kan vente oss flykaos - stengde barnehagar og tomme minibankar

LES OGSÅ: Streiken kan stoppe matforsyning

– Ikkje politisk streik

Trygve Hegnar i retten februar 2008

Trygve JHegnar meiner streiken i det offentlege er meiningslaus.

Foto: Terje Bendiksby, Bendiksby, Terje / Scanpix

På spørsmål om det då ikkje er ein politisk streik, seier Johannessen eit klart nei.

– Det er ein tariffstreik. Vi håpar å kome i ein forhandlingssituasjon igjen, det er alltid håpet. Men det er slik, at når du trur på noko og kjempar for det, så må du berre stå på, Og det vi fekk på bordet var ikkje godt nok. Vi ville tape i forhold til privat sektor også i 2012.

Arne Johannessen avviser at UNIO trappar opp streiken for å framprovosere tvungen lønnsnemnd. Han seier at streikeuttaket er balansert, og at det ikkje er fare for liv og helse.

LES OGSÅ: Varsler opptrapping av streiken

LES OGSÅ: Hamar og Østre Toten er nestemann ut

– Streik også neste veke

– Vi er klare for å streike også neste veke, seier han.

Til saman er no rundt 3500 statstilsette, som er organiserte i UNIO, ute i streik. No står de tredje opptrappinga av streiken for døra når 344 nye tilsette i politiet, ved universitet og høgskular blir tekne ut i streik.

LES OGSÅ: Ingen problemer for reisende på Gardermoen

LES OGSÅ: Fryktar for omdømet

– Ein umogleg streik

Redaktøren og finansmannen Trygve Hegnar meiner at streiken er heilt umogleg, og ber dei streikande om å gå tilbake til arbeidet.

– Alle veit at ramma på dette oppgjeret blir på 4,0 eller 4,1 prosent, men aldri meir enn 4,15. Arne Johannessen får ikkje viljen sin her. Han kan tru at han får ei ramme på 4,20 prosent, men det får han ikkje, seier han.

Hegnar peikar på at streiken ikkje rammar motparten. Tvert i mot, seier han, så tener dei på streiken fordi dei slepp å betale ut lønn.

AKTUELT NÅ