Hopp til innhold

Om eit halvår kan det vere slutt

Pelsdyrnæringa må skjerpe seg, krev Arbeidarpartiet. Det går mot forbod om ikkje næringa ryddar opp straks.

Video Pelsdyr i bur

Gitteret rundt kan bli borte om eit halvt år om ikkje pelsdyrnæringa skjerpar seg.

Terje Lien Aasland

Tilliten til næringa er tynnslitt. No får dei eit halvt år på å rydde opp, seier næringspolitisk talsmann i Arbeidarpartiet Terje Lien Aasland.

Foto: Kristin Rivrud / NRK

– For Arbeidarpartiet er det nok allereie no. Vi gir pelsdyrnæringa ein veldig kort frist til å rydde opp. Om dei ikkje har gjort det innan eit halvt år, så går det mot eit forbod, åtvarar næringspolitisk talsmann i Arbeidarpartiet Terje Lien Aasland.

Han seier Ap ikkje kan ha tillit til pelsdyrnæringa om dei ikkje viser handlekraft til å rydde opp.

– Om det ikkje skjer, kjem vi til å fremje forslag om at det blir forbod mot pelsdyrsoppdrett i Noreg, seier Lien Aasland.

Sp står åleine

SV har lenge ønskt å avvikle pelsdyrnæringa . Tilliten til næringa er eit tema som har blitt diskutert lenge også i Arbeidarpartiet, ifølgje Lien Aasland.

– Det er ikkje råd for oss å bære eit forsvar for den næringa om ho ikkje tek dyrehelse og dyrevelferd på alvor, seier han.

Den raudgrøne regjeringspartnaren Senterpartiet har eit sterkt ønskje om å halde næringa oppe , men vil få ein hard kamp med å forsvare dei om noko skjer straks, trur Lien Aasland.

– Eg trur ikkje nokon kan stå og forsvare ei næring som ikkje greier å ta vare på dyrehelse og dyrevelferd på ein god måte, og eg meiner også landbruksministeren har vore veldig tydeleg på at dei verste skal vekk, seier han.

Strengare regulering

Lars Peder Brekk og Bertran Trane Skadsem

Leiar Bertran Trane Skadsem diskuterte innskjerpingar i pelsdyrnæringa med landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp)

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix
Skadd mink i bur

No er det varsla om at også dyr på Skadsem sin pelsfarm har skadar. Denne minken var ein av fleire som var skadd i eitt bur.

Foto: NRK

Fredag vart det kjent at også sjefen for heile pelsdyravlarane Betran Trane Skasem har dyr på sin gard som ikkje har det bra.

Funna kom berre få dagar etter at næringa lovde å rydde opp.

– Eg vil ikkje kommentere enkeltsaker, men dei må rydde opp, seier Lien Aasland.

– Skjerp dykk

Han meiner også styresmaktene må diskutere strengare regulering om næringa skal halde fram.

– Det går både på kor mange tilsette det skal vere per dyr, korleis dyra blir følgt opp og andre ting, seier han.

Ein klar beskjed til pelsdyrnæringa blir dermed at dei må skjerpe seg om dei skal få halde fram.

– Dei må få vekk alle som ikkje nok fokus på dyrehelse og dyrevelferd. Dei må ha fleire som jobbar med å sjå til at dyra har det bra. Kvaliteten på både bur og dyrehald må bli betre.

AKTUELT NÅ