Hopp til innhold

Politiet tok mann med kniv på Dale

Dei siste dagane har politiet hatt fleire utrykkingar til Dale asylmottak på grunn av same personen, som oppfører seg trugande. I kveld blei han tatt av politiet med kniv.

Politiaksjon på Dale asylmottak

Klokka 18.00 rykka politiet ut til Dale asylmottak i Sandnes.

Foto: Ronny Hjertås

Politiet måtte i kveld rykka ut til Dale asylmottak i Sandnes, etter meldingar frå personalet som kjende seg truga av ein av asylsøkjarane.

Mannen skal ha oppført seg ofseleg med slag og øydelegging av interiør på mottaket. På seg hadde han også ein kniv.

– Han truga ikkje med kniven, men det at ein person har på seg kniv kan i seg sjølv verka trugande, seier operasjonsleiar Trygve Ravndal til NRK.no.

Han seier at politiet dei siste dagane har hatt fleire utrykkingar på same person.

– Nå sit han i arresten, så får me sjå kva som skjer vidare, seier Ravndal.