Hopp til innhold

- Kanskje det var mediemerksemd dei ville ha

Fire mishandla og drepne måkeungar vart funne like utanfor kontora til NRK Rogaland onsdag morgon. Kanskje var det nett for å få omtale i media at mishandlinga skjedde, men NOAH meiner likevel at ein ikkje må dyssa ned slike saker.

– At denne mishandlinga skjedde like utanfor eit mediekontor får ein jo til å tenka seier Siri Martinsen, leiar i dyrerettsorganisasjonen NOAH.

Likevel meiner ho på prinsipielt grunnlag at dyremishandling må bli omtala i media sidan det faktisk er lovbrot. Difor meiner ho det er riktig at det blir rapportert.

– Det viktige er at det ikkje berre blir nemnt av media, men at media legg eit press på politiet slik at desse lovbrota faktisk blir etterforska, seier Martinsen til NRK.no.

Ho meiner at sjølve medieoppslaga ikkje treng vera preventive i seg sjølv. Men viss det fører til at nokon blir tekne og straffa for dyremishandling derimot, kan det ha ein positiv verknad.

Siri Martinsen i NOAH.

Siri Martinsen i NOAH, seier at dyremishandlingssaker ikkje må bli dyssa ned.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Trur du medieomtalen kan vera med på å hausa opp om meir dyremishandling?

– Ein bør vera forsiktig, slik at medieomtalen ikkje blir framstilt på ein måte som kan gje folk idear til å finna på slike ugjerningar. Men sjølv om dette er problematisk, meiner me i NOAH at media uansett må dekka denne type lovbrot.

MEINER DU AT MEDIA BØR OMTALA DYREMISSHANDLING? DELTA I DISKUSJONEN NEDST PÅ SIDA.

– Fælt syn

Pinne og steinar

To steiner og ein pinne låg like ved dei mishandla måkeungane, kanskje var det desse reidskapa som blei brukt.

Foto: Ragnar Christensen / NRK

Distriktsredaktør i NRK Rogaland, Ragnar Christensen, blei varsla om måkedrapa i dag tidleg. Han tok bilete og dokumentert lovbrotet som hadde skjedd like utanfor arbeidsplassen hans.

Sjølv om dette skjedde utanfor ein av dei største mediearbeidsplassane i Rogaland, meiner Christensen at ikkje er nokon grunn til å tru at dette er gjort for å få mediemerksemd.

– Det er svært mykje måker her i området, og på NRK Rogaland har me måkereir på taket. Mishandlinga kan ha skjedd sidan det var her dei som gjorde det støtte på måkeungane, seier han.

Han legg til at det var eit fælt syn som møtte han, og å gå ut med det i media var heilt naturleg:

– Det er ingen god grunn til å halda noko slikt skjult, og eg trur det kan virka avskrekkande. Dessutan er det bra at foreldre blir merksame på kva som skjer dersom dette er gutestrekar.

NRK Rogaland har varsla politiet, og vil etter oppmoding frå dei, melde hendinga.

– Av og til må ein visa kor fæl røynda er

Stavanger Aftenblad har den siste tida hatt eit stort fokus på dyremishandlingssaker i Rogaland. Det etter mellom anna eit piggsvin vart sett fyr på, ender blei steina og folk la ut bilete av kyllingar som blødde ihjel på facebook.

Nyheitsredaktør Carl Gunnar Gundersen seier at dei sjeldan legg stor vekt på enkeltsaker, men at dei valde å setja fokus på det, når det oppstod mange hendingar i løpet av kort tid.

– Nokre gonger må ein visa kor fæl røynda er. Men eg kan ikkje seie om det hausar opp til meir mishandling eller ikkje.

Også han legg vekt på viktigheita av at føresette blir merksame på problemet.

Svane druknet

I april i år fekk saken der ei svane blei drukna, svært mykje mediemerksemd. (For meir om denne saka, sjå lenke øvst i artikkelen)

Foto: Sigbjørn Berentsen/Bygdebladet

Fokus på måkemishandling

NOAH har eit auka fokus på måker. Grunnen er at dei opplever at folk dei seinare åra har fått meir negative haldningar retta mot måkene, noko som kan gjera terskelen for mishandling lågare.

Dessutan har det vore nedgang i bestanden til nokre av måketypane. På nettsidene skriv dei at talet på hekkande fiskemåker i Rogaland berre utgjer 8 % av av talet frå 1977.

I bresjen for kampanjen har dei fått Odd Børretzen, som er kjent for strofa «Jeg hater måker!», men nå i ein noko snillare utgåve med «Jeg elsker måker!».

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.