Hopp til innhold

Stavanger feirar dronninga

Dronning Sonja blei tatt imot av eit folkehav i Stavanger sentrum i føremiddag.  Og alle dei oppmøtte stemte i med fødselsdagssongen.

God stemning på torget i Stavanger

God stemning på torget i Stavanger

Foto: NRK

På torget i sentrum  tala ordførar Leif Johan Sevland og viste fram gåva frå Stavanger kommune.

 

Dronningbildet i Stavanger sentrum

Dronningbildet i Stavanger sentrum

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Det er eit blomsterbilde i stort format av eit bilde som Andy Warhol laga av Dronninga i 1982.   Blomsterbildet er på over 100 kvadratmeter og ligg på brusteinen på sjølve Torget.

 

Dronninga vinkar til publikum

Dronninga vinkar til publikum

Foto: NRK

- Å ha besøk av dronning Sonja på 70-årsdagen, er ikkje først og fremst ei ære, det er ei glede.

Det sa ordførar i Stavanger, Leif Johan Sevland, i talen til jubilanten.   Han meinte også at Sonja held seg godt og er "ei spreke dama", som han uttrykte det.  Sevland avslutta med ønsket om at dronninga alltid ville hugse feiringa av 70 årsdagen sin i Stavanger med glede.

Etter tre gonger hipp,hipp hurra, sang publikum med på fødselsdagssongen: "hurra for deg..."  Forsongar var Mia Gundersen Lelienhof.

Stavanger feirar fødselsdagen til Dronning Sonja

Stavanger feirar fødselsdagen til Dronning Sonja

Foto: NRK

Frå torget gjekk kongeparet og andre inviterte gjester inn i domkyrkja til takkegudsteneste der. 

 

Blomstergaven fra Stavanger til dronning Sonja

Blomstergaven fra Stavanger til dronning Sonja. En kopi av Andy Warhols bilde av dronningen

Foto: NRK