Hopp til innhold

Væpna politi stoppa leik

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein tru kopi av automatgeværet AK47 førte til full politialarm i Karmøy natt til laurdag. – Mannen hadde peika med våpenet mot ein annan som låg på bakken, opplyser politiet.

Like før klokka halv to natt til laurdag rykka væpna politi ut til Sevland barneskule i Karmøy.

– Me hadde fått inn fleire meldingar om ein ung mann med eit tohandsvåpen like ved skulen. Mannen hadde peika med våpenet mot ein annan som låg på bakken, opplyser Norunn Byrknes, operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Då væpna politi kom til staden viste det seg at det berre dreidde seg om ein guteleik.

To gutar på 14 og 17 år innrømma at det var dei som hadde leika med eit kopivåpen dei hadde.

Våpenet var ein såkalla tru kopi av automatgeværet «Automat Kalashnikov 1947», forkorta AK-47, frå Sovjetunionen.

Politiet køyrde dei to heim til sine føresette, og vil bli innkalla til samtalar hos politiet seinare. 17-åringen er også meld for brot på våpenlova.