Hopp til innhold

Einebustad brant i Kopervik

– Kvinna som var inne i huset har kome seg ut, opplyser Norunn Byrknes, operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Brann Kopervik

Brannen i ein einebustad i Kopervik er no slukka.

Foto: Kristian Eidesvik

Klokka 13.15 fekk politi og brannvesen inn melding om brann i Skiparvegen i Kopervik på Karmøy.

– Det er ein einebustad som brenn, det var ei kvinne inne i huset, men ho har nå kome seg ut, seier Norunn Byrknes, operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Totalskadd innvendig

Det var aldri fare for spreiing. Omtrent klokka halv fire hadde brannvesenet sløkt brannen.

– Huset er totalskadd innvendig. Det kan sjå ut som brannen har oppstått på ein baderom der ein tørketrommel var i drift, seier Byrknes.

Ho påpeiker at brannårsaka ennå ikkje er klar, og at den vil avklarast i vidare etterforsking.

Karmøy lensmannskontor etterforskar saka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.