Hopp til innhold

Fann 1000 tablettar på bussen

Eit reisefølgje som hadde vore på Subutex-tur til Brussel blei stoppa av politiet i Aksdal.

Reisefølgjet var på veg heim etter å ha vore i Brussel for å kjøpa sterke reseptbelagde tablettar som Subutex og valium.

Det var eit større reisefølgje med kjende narkotikabrukarar. Sju personar skulle til Haugesund, resten skulle til andre plassar på Vestlandet.

– Dei sju som gjekk av i Haugesund hadde samla sett over 1000 tablettar med seg. Dette er tablettar dei har fått tak i på lovleg vis i Brussel og som dei har lov til å ta med til Noreg, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Jarle Utne-Reitan.

Dermed fekk dei sju halda fram reisa.

– Me opprettar inga sak og personane er ikkje mistenkte for noko lovbrot, seier Utne-Reitan.