Kvinna blir avhøyrt av politiet, søndag føremiddag.
– Då satsar me på å finne ut kva som var årsaka til det som skjedde, seier Svein Sørensen, operasjonssjef i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Prøvde å vri seg unna
Ifølgje vitne, som politiet har snakka med, blei den 19 år gamle kvinna halden fast av ein person inne i ein bil i Hovedgaten i Kopervik sentrum. Då bilen svinga opp mot Folkets hus, fall jenta i gata og blei skadd.
For vitne såg det ut som ho enten klarte å vri seg ut av grepet, eller at vedkommande inne bilen sleppte taket. Uansett så datt ho i gata og pådrog seg lettare skader. Ambulansen frakta kvinna til sjukehus i etterkant av hendinga.
Etterlyser bil
Hendinga skjedde i halv-fire-tida, natt til søndag. Politiet opplyser at det dreier seg om ein mørk personbil, truleg av merke BMW. Politiet vil gjerne koma i kontakt med dei som var i bilen.