Hopp til innhold

Ingen kanarisang på FKH-kamp

Lillestrøm-tilhengarane boikottar bortekampen mot FK Haugesund.

Supportere fra FK Haugesund og LSK

Det blir nok få gulkledde supportarar på Haugesund stadion 20. september, ettersom kanarifansen har bestemt seg for å boikotta kampen.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Årsaka til protestane er at LSK-supportarane meiner dei har fått for mange måndagskampar.

- Av dei fire siste bortekampane har TV2 tre gonger gitt LSK kamp på ein måndag, skriv kanarifansen på sine heimesider.

- TV2 drep supportarkulturen

Då det blei vedteke at også bortekampen mot FKH blir flytta til ein måndag, rann begeret over for dei svarte og gule frå stasjonsbyen Lillestrøm. På eit styremøte i Kanari-Fansen blei det vedteke ein boikott av FKH-kampen som går 20. september.

- Me meiner TV2 drep supportarkulturen med sitt uforståelege måndagsoppsett. Med lang reiseveg krevst det to dagar fri frå jobb eller skule for å følga laget sitt, skriv fansen på heimesidene sine.

FKH ikkje overraska

Dagleg leiar i FK Haugesund, Jan Hauge, er ikkje overraska over reaksjonane frå kanarifansen.

- Det er klart det er krevjande å reisa langt på ein kvardag for supportarane. For vår del er det keisamt, seier han til NRK.

Han legg heller ikkje skjul på at det sportsleg sett ikkje er nokon ulempe med mindre bortesupportarar kampdagen. I tillegg betyr kanari-boikotten litt mindre billett-inntekter.

Forundra over kritikken

Fotballsjef i TV2, Vegard Jansen Hagen, er på si side forundra over LSK-supportarane sin boikott-aksjon.

- Lillestrøm har vore uheldige med mange måndagskampar i det siste, men totalt sett har dei ingen grunn til å klage. Fleire andre lag har like mange kampar i vekedagane som LSK.

Fotballsjefen seier også at dersom kanarifansen har problem med at det blir spelt kampar på måndagar, bør dei heller ta kontakt med dei som sel fotballrettigheitene - ikkje TV-kanalane som kjøper dei.

- Aksjonen rammar klubben hardare enn TV2. Men eg håpar mange kjem på kampen, og at det blir både måkeskrik og kanarikvitring på tribunane.

Støttar laget

Kanarifansen understrekar at FKH-boikotten ikkje er noko angrep på eigen klubb, og seier hovudmålet er å støtta laget i med- og motgang.

Norsk Toppfotball arbeider nå med rutinane for teminlistene neste år. FKH-leiinga meiner det her bør skje endringar.

- Problemet blir mindre dersom me i større grad får lokaloppgjer på måndagane, seier Hauge.

KVA SYNST DU OM ALLE MÅNDAGSKAMPANE I ELITESERIEN?