Hopp til innhold

Her ventar dei i to timar

Folk strøymer til minibankar og bankskrankar rundt om i heile landet. – Talet på kølappen er høgare enn det eg har på bok, seier Elsa Synnøve Ødegård og ler etter å ha stått to timer i kø å venta på tur.

Bankkø Egersund

Det var kø både innanfor og utanfor Sparebank 1 SR Bank i Egersund i dag.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Oddvar Søyland

Banksjef i Sparebank 1SR Bank i Egersund rådar folk til å ikkje ta ut meir kontantar enn for eit par dagar.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Dersom det blir bankstreik i morgon tidleg kan det koma godt med å ha kontantar i lommeboka.

Det var det særleg dei eldre utan minibankkort som hadde tenkt på i Egersund i føremiddag, dermed blei køen inne i banken lang.

– Litt pengar til mat

– Eg trur eigentleg ikkje det blir streik, men eg vil likevel ta ut litt berre i tilfelle, seier Elsa Synnøve Ødegård.

Ho stod i kø i heile to timar før ho fekk ut pengar over skranken i banken.

– Nå har eg i alle fall litt pengar til mat til meg, kattane og fuglane, sa ei nøgd Ødegård etter å ha tatt ut litt pengar.

Allereie før opningstid klokka ni hadde køen hopa seg opp utanfor Sparebank 1SR Bank i Egersund.

– Ikkje ta ut for mykje

– Det er svært mange som vil inn å sikra seg kontantar om det skulle bli streik i morgon, mange er eldre og dei tar ut nok kontantar til at det kan vara nokre dagar, seier banksjef Oddvar Søyland.

Han legg til at dei ikkje rådar folk å ta ut for mykje pengar.

Om det blir streik vil han ikkje ta stilling til:

– Me får venta å sjå kva som skjer i meklinga i dag, så får me ta det der i frå, seier han.

Det er Det er Finansforbundet og Finansnæringens Arbeidsgiverforening (FA), som ikkje er samde om retningslinjer for kompensasjon for kompetansehevande tiltak og om størrelsen på det generelle tillegget . Om dei ikkje blir samde innan midnatt kan det bli umogleg å betala på andre måtar enn med kontantar.