Hopp til innhold

«Ta ein djup pust og ikkje tenk på dei andre»

– Nå lever me verkeleg opp til namnet «familiebading», seier leiar i Rogaland naturistforening om utviklinga i miljøet. Fleire og fleire vågar å ta turen.

Nakenbading for familien

Kvar laurdag samlar naturistar seg til nakenbading i Sandnes. Både familiar med barn og unge par møter opp.

Foto: Rogaland naturistforening

Ble med på nakenbading

Reporter Johan Mihle Laugaland blei med på nakenbading i Sandnes på Laurdag.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Tilråding for deg som er usikker på naturistbading: «Berre møt opp, ta ein djup pust, tenk ikkje på dei andre (dei ser ikkje på deg!), kast kleda og hopp i vatnet så snart som mogleg.»

Slik prøver Rogaland naturistforening å rekruttera fleire personar til familiebadinga si. Og ifølgje leiaren, Annette Riise, har dei i stor grad lukkast med dette.

Fleire medlemmer

Dei som badar i badebukse og badedrakt er framleis i fleirtal, men naturistane opplever auke i interessa, og pågangen av folk som vil bada nakne blir større.

– Medlemstalet er stigande, og ekstra gledeleg er det at kvinner og barnefamiliar tar turen til familiebadinga, seier Riise.

I ein symjehall i Sandnes møtes dei to timar kvar laurdag, dei som syns det er best og mest naturleg å bade utan klede.

– Det er veldig triveleg og kjekt. Som du ser er det mange som badar, også fleire barn, seier Annette Riise som leiar Rogaland Naturistforening.

Ho gler seg over at familiar og unge par kjem på familiebading.

– Me ser at når dei har kome ein gong kjem dei gjerne att. Facebook har vore ein viktig kanal for å koma i kontakt med nysgjerrige, som vil prøva ut naturistbadinga, seier ho.

For mange kan det vera svært skummelt å koma inn i ein symjehall å bada naken saman med andre for første gong. Dette stadfestar også leiaren.

– Derfor seier me også at ein kan koma å prøvebada med badebuksa på. Det går heilt fint for oss, seier ho.

►Høyr radioreportasje

Bli med NRK og Anette Riise på nakenbading i Sandnes.

Pyntar ikkje juletreet naken

– Eg har ikkje ete sidan klokka åtte, så eg var svolten, seier Karin Hakalax.

Ho sit naken ved bassengkanten og et lunsj i symjehallen. Ho kan ikkje fordra blaut badetøy, og ho finn det frigjerande å bada naken.

– Eg søv også naken, eg liker å sola meg naken, men eg pyntar ikkje juletreet naken. Nokon er så ihuga at dei vil gjera alt nakne, dei kallar me nudistar, seier ho.

Ho meiner at nudistane kler heilt av seg i situasjonar der det elles også er naturleg med å ha lite tekstilar på seg.

– Det er frigjerande å vera i ein setting som dette med nakenbading, det er meir demokratisk og langt mindre erotisert enn ein sommardag på Solastranda.

– Meir opne om å vera naturist

Nakenbad

Naturistbading er i vinden.

Foto: Helder k / Flickr

Kollegaer og kundar i butikken der ho jobbar, blei overraska då Annette Riise blei intervjua i avisa, som nyvald leiar i Rogaland Naturistforening, men responsen har berre vore positiv seier ho.

– Dei lurer på kven som går der, og om me er ei spesiell gruppe for spesielt interesserte. Dei vil også vita korleis alderssamansetjinga er, seier ho.

– Og kva kan du seia om samansetjinga i alder?

– Nå lever me verkeleg opp til namnet «familiebading», det er frå dei yngste til dei eldste og begge kjønn er representert.

Denne dagen laurdagen talte NRK sin reporter 14 menn, åtte kvinner og fem barn. Det er også noko som gler den erfarne naturisten Knud Bakke.

– Det er bra, og det går den rette vegen. Men me har framleis plass til fleire. Både husrommet og hjarterommet er stort.

Han trur også at folk er meir opne om å vera naturist enn dei var tidlegare. I den samanheng fortel han om ein mann, som tidlegare gjekk på naturistbadinga.

– Han hadde med seg badebukse som han berre spylte i vasken før han gjekk heim. Dette gjorde han for at familien skulle tru han hadde vore på vanleg bading. Eg håper me har kome lenger enn dette, seier han.

VIDEO: Etikette under nudistbading

På nettsidene sine har Rogaland naturistforening lenka opp denne Youtube-videoen om etikette under nudistbading. (OBS: Videoen er på engelsk.)

nettsidene sine har Rogaland naturistforening lenka opp denne Youtube-videoen om etikette under nudistbading. (OBS: Videoen er på engelsk)