Hopp til innhold

Nå blir alle knipsa i denne

Frå og med i dag vil farten din bli målt kvar gong du køyrer i nordgåande retning i Byfjordtunellen. Dermed får Rogaland si første gjennomsnittsfartmåling nokon sinne.

I dag startet en ny type fartsmåling i Byfjord-tunnelen i Rennfast. Nå er det gjennomsnittsfarten din som avgjør om du får fartsbot eller ikke.

Fartsmålinga i Byfjordtunellen startar i dag.

– Me har i mange år hatt fotoboksar i Rennfast. Det som er forskjellen nå er at farten til køyretøya blir målt på strekninga mellom to fotoboksar, forklarar Torkild Åkerset, overingeniør i Statens vegvesen.

2,5 kilometer

Det er i Byfjordtunellen mellom dei to nye fotoboksane, eit strekk på 2,5 kilometer i nordgåande retning på E39, at gjennomsnittsfarten nå vil bli målt på alle som passerer.

Ein vil kunna sjå eit raudt lite blink når ein passerer boksane i og utanfor Byfjordtunellen. Dette blinket markerer at du blir tatt bilete av.

Køyrer du for fort, blinkar det eit gult lys, som er plassert femti meter etter fotoboks nummer to. Skjer dette blir bileta sendt til politiet.

Kritisk til fotolagring

Venstre-politikar Kjartan Lunde er skeptisk til at fotoboksane tar bilete av alle bilistar som køyrer forbi.

– Gjennomsnittsmåling mellom fotoboksar er ein farleg form for overvaking, fordi alle bilistar må registrerast, og ikkje bare dei som køyrer for fort. Ved utplassering av eit tilstrekkeleg antal fotoboksar vil vegmyndigheitene kunne følgje kvar enkelt bil over lange strekningar, seier Kjartan Alexander Lunde, leiar i Rogaland Venstre.

(Artikkelen held fram under bilete.)

Fotoboks ved Byfjordtunnelen

Det er dei første 2,5 kilometera i nordgåande retning av Byfjordtunellen på E39 som blir målt.

Foto: Statens vegvesen

Men Vegvesenet meiner at det ikkje er grunn til å vera uroleg:

– Det blir tatt bilete av alle, men dersom du køyrer i lovleg fart blir bileta sletta med ein gong, seier Åkerset, som meiner dette er ein svært god idé.

– Gjennomsnittsmåling av fart er eit trafikktryggingstiltak som me mellom anna brukar for å få ein meir jamn fart under fartsgrensa på strekninga, legg ho til.

– Informasjon kjem på avvege

Det meiner ikkje Lunde og Venstre er tilstrekkeleg argumentasjon.

– Sjølv om bilistar med gjennomsnittsfart innan regelverket får sitt foto sletta når dei passerer den andre fotoboksen, er ikkje dette bra nok i forhold til personvernet. Eg stoler ikkje på at desse opplysningane aldri kjem til å bli misbrukt eller at feil instansar vil få fatt i desse biletene. Erfaring visar at informasjon kjem på avvege, seier Lunde.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.