Hopp til innhold

Stumpar røyken i fastetida

Onsdag går startskotet for den kristne fastetida før påske. Den katolske soknepresten Rolf Bowitz i Stavanger gir avkall på røyken.

Rolf Bowitz

Sokneprest Rolf Bowitz gir avkall på røyken i fastetida.

Foto: Scanpix/Den katolske kirke / SCANPIX

– Eg røykjer betydelege mindre i fastetida, seier Bowitz, sokneprest i Den katolske kyrkja i Stavanger.

I dag er det oskeonsdag, starten for den 40 dagar lange kristne fastetida før påske. Dagen kjem frå Den katolske kyrkja og blir feira av katolikkar verda over.

Nokre let vera å ta «pjolteren» kvar einaste kveld i fastetida.

Rolf Bowitz, prest i Den katolske kyrkja

– Nokre drikk mindre alkohol

I fasta handlar det om å gi avkall på noko. For presten Rolf Bowitz dreier det seg om å stumpa røyken. For andre kan det handla om å setja sterkare saker på hylla.

– Nokre drikk mindre alkohol i fastetida. For eksempel ved å la vera å ta «pjolteren» kvar einaste kveld, seier Bowitz.

Teater-faste

Soknepresten seier det handlar om å gi avkall på noko som betyr noko for deg for å konsentrera seg om det religiøse i fastetida. Det kan vera mat, drikke – men også andre ting.

– I gamle dagar var det ein sokneprest i Stavanger som oppmoda til å gå mindre på offentlege arrangement. Då gjekk ein ikkje på kino og teater.

Facebook-faste

I den seinare tida har fasta teke nye retningar. For mange i dag handlar det kanskje om å logg ut av internett og Facebook.

– Dette har blitt den moderne måten å fasta på, seier soknepresten.

Bowitz understrekar at barn, sjuke og gamle er fritekne frå fastetida i den Katolske kyrkja.

Facebook-faste har blitt den moderne måten å fasta på.

Rolf Bowitz, prest i Den katolske kyrkja