Hopp til innhold

Trailere velta ombord

Danmarksferja "Bergensfjord" blei møtt av åtte meters høge bølger utforbi Jærens rev i natt.

Treiler veltet på "Bergensfjord"

Vogntog veltet under tøff overfart med danskeferja.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Trailervelt på danskeferja
Foto: Øystein Ellingsen / NRK

To vogntog velta og fleire personbilar vart skada, då Danmarksferja Bergensfjord kjørte inn i åtte meters bølger utforbi Jærens rev i natt.

Det var kraftig vind kombinert med store dønningar, som førte til skadane på vogntog og 20 bilar ombord.

Ingen av dei 230 passasjerane kom til skade.

- Etter kort tid fekk mannskapet kontroll over situasjonen, seier kaptein Finn  Esben Hansen ombord i Bergensfjord. 

Han presiserer at det aldri var nokon kritisk situasjon med omsyn til sikkerhet og at det aldri oppsto panikk.

Til ettersyn

Klokka sju laurdag tidleg, kom "Bergensfjord" til Egersund.  I føremiddag har representantar frå forsikringsselskapet til reiarlaget Fjordline, vore ombord for å taksera skadane.

Avlyst avgang

- Som følge av hendinga måtte me avlyse den planlagte seilinga frå Kristiansand i dag, seier administrerande direktør Ingvald Fardal. Derimot kjem den planlagte avgangen frå Egersund til Hanstholm til å gå som planlagt klokka 17 i ettermiddag.

Bergensfjord
Foto: Jenny Duesund