Hopp til innhold

Kvinne forsøkt valdtatt i Porsgrunn

Ei kvinne i slutten av 20-åra blei overfalt av to menn med afrikansk utsjånad og forsøkt valdteken laurdag kveld i Porsgrunn.

Leirkupbrua ved Elverhøy i Porsgrunn

Kvinna blei overfalt og forsøkt valdtatt ved Elverhøy studentheim i Porsgrunn.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Kvinna blei overfalt i krysset Leirkupgata/Kjølnesgate i Porsgrunn rett før brua ved Elverhøy studenthjem i Porsgrunn rett før klokka 22.

Til politiet fortel kvinna at ho blei overfalt av desse to mennene og forsøkt dratt ut av vegen. Kvinna blei utsatt for vald, men kjempa såpass godt at ho kom seg laus og sprang frå frå staden.

Kvinna beskriv mennene for å vere afrikanarar. Den eine hadde på seg ei mørk jakke, kanskje skinnjakke. Den andre hadde ein lys/kvit genser som kan vere hettegenser.

Sjekkar overvakingsvideo

Politiet ber om tips knytta til observasjon av personar som passer til beskrivinga i Porsgrunn laurdag kveld.

Politiet er no i ferd med å sjekke overvakingsvideoar i området i jakta på overfallsmennene.

– Det er truleg ikkje overvakingsvideo i området der valdtektsforsøket skjedde, men vi skal undersøke overvakinga i sentrum, seier politiadvokat Svein Folkestad i Telemark politidistrikt til Varden.

Andre overfall på kort tid

Politiet etterforskar saka som eit valdtektsforsøk.

– Heldigvis blei ikkje forsøket fullbyrda, men kvinna blei tatt hand om etter prosedyrene fir valdtekt og har blant anna vore på valdtektsmottaket, seier Folkestad.

Dette er det andre overfallet på kort tid i området. Også den 22. august i år blei ei kvinne overfalt og forsøkt valdtatt på Kjølnes i nærleiken.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark