Hopp til innhold

Sau erstattar bjørn i kommunevåpen

Bjørnen er bytt ut med ein sau og eit lam i kommunevåpenet til Tokke kommune etter at ein bjørn blei felt i kommunen.

Bjørn byta ut med sau i kommunevåpen

Dette skiltet dukka opp på kommunegrensa mellom Tokke og Vinje.

Foto: Johs Apold / NRK

Tokke kommune

Kommunevåpen til Tokke kommune

– Eg greier ikkje å hisse meg opp over dette. Men eg ser at skiltet har dukka opp etter at kommunen meldte si interesse for skinnet til bjørnen som blei skoten i kommunen, seier Hilde Alice Vågslid, ordførar i Tokke kommune.

Rett etter at bjørnen blei skoten blei det ein debatt i media om at Tokke kommune burde byte ut bjørnen i kommunevåpenet med ein sau, sidan kommunen ikkje tåler å ha levande bjørn.

– Det første skiltet dukka opp ei veke etter at bjørnen blei skoten, seier Vågslid.

Spesiell ytring

Det første skiltet blei sett opp på E 134 på kommunegrensa mellom Kviteseid og Tokke. No har det dukka opp eit nytt skilt på E 134 på kommunegrensa mellom Vinje og Tokke.

Hilde Alice Vågslid

Ordførar Hilde Alice Vågslid vil ikkje ha kommunevåpenet øydelagt.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

– Eg veit ikkje kven som har gjort det. Og sjølv om eg ikkje greier å hisse meg opp over det, så klarar eg ikkje å ta det med eit smil, seier Vågslid.

Det første skiltet som blei sett opp blei fjerna så fort det blei oppdaga. Det andre skiltet var det NRK som gjorde ordføraren merksam på.

– Eg vil jo seie det er ein spesiell måte å ytre seg på. Men vi kan ikkje la folk få øydelegge kommunevåpenet vårt, så det vil bli fjerna, seier Vågslid.

Ikkje Naturvernforbundet

– Det er ikkje Naturvernforbundet som står bak, seier Arnodd Håpnes, fagleiar naturmangfold i Norges Naturvernforbund.

Han seier at det ikkje er Tokke kommune som er ansvarleg for vedtaket om å felle bjørnen. Han meiner skytset bør rettast mot rovviltnemnda, Direktoratet for naturforvalting og politikarane på Stortinget.

– Sjølv om det sikkert er politikarar i Tokke som gjerne ville felle bjørnen, seier Håpnes.

Paradoks med bjørnefell

Naturvernforbundet meiner det er eit paradoks at nokon heller vil ha ein bjørnefell på veggen eller ein utstoppa bjørn, framfor levande rovdyr.

Arnodd Håpnes

Paradoks med bjørneskinn framfor levande bjørn, meiner Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

– Det finst sikkert innbyggarar i Tokke som også vil ha levande bjørn i kommunen, seier Håpnes og viser til undersøkingar om at eit fleirtal vil ha gode rovdyrbestandar her i landet.

- Men vi kan velje å sjå humoristisk på episoden, så lenge det ikkje er hærverk. Det er jo ein måte å sette rovdyrdebatten på spissen, seier Håpnes.

Kan vere hærverk

Det er Statens vegvesen som eig skilta på kommunegrensene. Eivind Gurholt i Statens vegvesen region sør seier at vegvesenet ser på dette som hærverk.

– Det er kanskje eit forsøk på ei festleg omdefinering av skilt. Men det er ein omfattande prosess å forandre på kommunevåpenet til ein kommune, seier Gurholt.

Vegvesenet held seg til det kommunen bestemmer når det gjeld skilting ved kommunegrensene. Er det omfattande hærverk må skiltet skruast ned og erstattast med eit nytt.

– Vi må vurdere å melde det til politiet om dette gjentek seg, seier Gurholt.

Bjørnen er fin

Kjell Sverre Thoresen i Telemark Sau og Geit må le når han får høyre om det nye kommunevåpenet.

– Dette er heilt ukjent for meg. Og eg vil ikkje spekulere i kven som kan ha gjort det. Men eg ser det komiske i det. Det kan jo vere nokon som er glad i sauen, eller nokon som er mot fellinga av bjørnen, seier Thoresen.

Han synest Tokke sitt kommunevåpen med ein bjørn er fint som det er.