Hopp til innhold

- Det har vore eit slit

Valter Laaksonen gjekk fire kampar utan ein målsjanse før han lukkast i sigeren mot Alta.

Video nsps_upload_2009_5_4_12_14_50_4533.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå høgdepunkta frå kampen.

- Dette har vore "like a monkey on my back" og den har klarma seg knallhardt fast, seier finnen etter å ha sikra Sogndal 3-1 mot Alta.

Laaksonen var plassert på benken etter fire kampar der spissen ikkje berre har gått mållaus av bana, men heller ikkje hatt sjansar. Dei store forventningange folk hadde til storskåraren frå treningskampane vart på ingen måte innfridde då alvoret tok til.

- Vanskeleg

Kampreferat Sogndal - Alta

- Det har vore vanskeleg fordi eg fekk mange sjansar i treningskampane, og klarte å skåre på mange av dei. No har det vorte eit press i laget om at vi MÅ vinne. No kan vi forhåpentlegvis slappe av litt meir i dei neste kampane og berre spele, seier Laaksonen.

Dårleg dag for Dale

Erstattaren Tarjei Dale gjorde ikkje mykje utav seg, men då Laaksonen kom innpå ut i andromgangen mot Alta hadde Espen Olsen og Lars Grorud alt skåra for Sogndal, Thomas Andersen hadde redusert for Alta og kampen stod og vippa. Laaksonen tok imot eit innlegg frå Barry Kader, gjorde maksimalt ut av eit vanskeleg utgangspunkt og vrei kroppen slik at han fekk klinka ballen i mål til 3-1 for Sogndal.

- No slappar eg meir av. Eg veit at dersom eg jobbar hardt så kjem måla, seier Laaksonen.