Hopp til innhold

Rekordmange UKM-innslag

Aldri før har det vore så mange innslag som under årets versjon av Ungdomens kulturmønstring.



Ungdom frå heile fylket

Serious jokers

Serious Jokers

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

I kveld gjekk startskotet for årets versjon av Ungdomens kulturmønstring i Sogn og Fjordane. 500 ungdomar er sendt frå kommunar i heile fylket til fylkesmønstringa i det nye operahuset på Nordfjordeid. I tre dagar til ende blir det musikk i alle kategoriar frå scena i storsalen.

Hektiske lydprøvar

Arnt Herman Hagen

Arnt Herman Hagen frå UKM 2010 på Nordfjordeid.

Foto: Gunn Evy Auestad / Nrk

Dei siste lydprøvene er nett no i gang før tre dagar med UKM direkte frå Nordfjordeid. I år er det 124 sceneinnslag, noko som er rekord i UKM si 25 år lange historie.

NRK sender alt i Nett-tv

LUTT

Luttredaksjonen er på plass

Foto: Gunn Evy Auestad / Nrk

NRK Sogn og Fjordane sin lokalmusikkredaksjon LUTT, sender alle dei fire konsertane frå Ungomens Kulturmønstring direkte på nett-tv.

Programleiarane Stian Sjursen Takle og Stein Aase er gang med dei siste førebuingane før deira sending som går rett før og etter alle konsertane.

Intervju og stemning

- Her blir det intervju med ungdomar, dommarar, arrangørar og spente foreldre. Vi skal prøve å skildre litt av den spente stemninga som er her på operahuset på Nordfjordeid. Det seier Sjursen Takle og Aase i det dei testar lyden før tv-sendinga i kveld.

Linken til direktesendingane vil du finne på framsida til NRK Sogn og Fjordane si nettside. I løpet av helga vil også alle konsertane bli tilgjengeleg i opptak slik at du kan sjå dei når du vil, og så mange gonger du vil.


Ronny styrer showet


UKM sin toastmaster er Ronny Brede Aase frå P3-morgen. Han skal lede deg gjennom alle dei fire konsertane.

KONSERTANE SER DU DIREKTE TIL DESSE TIDENE:

Fredag kl 1855.
Laurdag kl 1255
Laurdag kl 1855
Søndag kl 1255