Hopp til innhold

Håvard Lothe vann Luttprisen

Håvard Lothe frå Florø vart i dag tildelt Luttprisen som årets artist frå Sogn og Fjordane 2009.

– Vanvittig moro. No får vi iallfall betalt ned gjelda på bandbussen vår, jubla Håvard Lothe frå scena i Sogndal.

– Dette er veldig inspirerande, understreka han.
Sjå sjølve utdelinga av Luttprisen 2009 her.

– God og verdig vinnar

Det var NRK Sogn og Fjordane som delte ut prisen under deira julekonsert i Sogndal fredag ettermiddag. Heile 15.000 røyster kom inn på nett og SMS til dei 27 kandidatane som var nominerte til prisen.

Sjå heile Jule-Lutt-Sendinga

– Håvard Lothe fekk mest røyster frå folket, og juryen var einig med folket. Han er ein god og verdig vinnar. Det siste året har han vist godt igjen både lokalt og nasjonalt. Vi har tru på at dette er ein artist vi kjem til å sjå mykje til også i framtida. At det kom inn fantastiske 15.000 røyster styrkjer også tyngden av prisen, seier programleiarane Stein Jarle Aase og Stian Sjursen Takle i lokalmusikkprogrammet Lutt på NRK Sogn og Fjordane.

ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET

Lothe på scena
Foto: Simon F. Solheim / NRK

Kunst og pengar

Dei to sat også i fagjuryen saman med Ronny Brede Aase frå NRK P3 og Øyvind Lyslo frå kulturavdelinga ved Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Luttprisen er eit kunstdiplom med trykk av sunnfjordkunstnaren Oddvar Torsheim, som ein berre får tak i om ein vinn Luttprisen. I tillegg får vinnaren eit stipend på 15000 kroner frå Sparebanken Vest.

Det er fjerde året på rad at NRK Sogn og Fjordane deler ut prisen. Eva Weel Skram frå Sogndal fekk prisen i 2006, Sigrid Moldestad frå Breim i 2007 og The Generous Days frå Sogn og Hornindal fekk prisen i 2008.

Fylkesartistar på scena

Håvard Lothe spelte også under den direktesende julekonserten til NRK Sogn og Fjordane i Sogndal saman med artister som The Generous Days, Tonereise, Thea Hjelmeland, Christina Knudsen, Steinar Engelbrektson og Inge Ronny Kvåle.

27 kandidatar var nominerte til årets Luttpris.

Sjå heile Jule-Lutt-Sendinga