Hopp til innhold

Får spele på Malakoff

Desse UKM-banda får spele på Malakoff Rockfestival.

Samora
Foto: Ingunn Thon / NRK

Leita på fylkesmønstringa

Rockefestivalen på Nordfjordeid brukte fylkesmønstringa av ungdomens kulturmønstring til å finne dei siste tre banda til årets festival.
Leitar etter tre band

Scenesjarm

- Det var mange gode innslag, men vi har gjort eit val utifrå følgjande moment; scenesjarm, eigenkomponerte songar og teknisk prestasjon. Dei tre bidraga står og for variasjonen som ein har innan rockesjangeren, og viser kor godt det gror i rockemiljøet i Sogn og fjordane for tida. Det seier Arnt-Ivar Naustdal som er festivalsjef for Malakoff Rockfestival.

På UKM fekk festivalen med seg 120 innslag med mange hundre unge frå heile fylket.

Desse får spele på Malakoff

Samora frå Førde
Wheel of fortune frå Eid
The Sex Vikings frå Sogndal

Samora og Wheel of fortune vil vere dei to første banda som går på festivalscena på fredagen. The Sex Vikings vil spele på scentrumscena på laurdagen i lag med Petter Carlsen og Pony the Pirate.

Festivalen vert arrangert 24-25 juli.