Hopp til innhold

Stem på Luttprisen 2008

19. desember deler vi ut Luttprisen 2008. No kan du gi di røyst til din favoritt.

Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad frå Breim fekk Luttprisen 2007.

Foto: Arne Eithun / NRK

Over 5000 røyster er alt komme inn. Frist er måndag 8. desember kl 08. Då går dei fem beste vidare til finalen. Tysdag kl 08 presenterer vi finalistane. Du kan gi ei røyst kvart døgn.

Opera Nordfjord

Opera Nordfjord
Foto: NRK

Sidan 1998 har Opera Nordfjord sett opp profesjonelle oppsetningar på Nordfjordeid. Sidan den gong har dei hatt fulle hus på nærast alle stykker dei har sett på plakaten. Dei fekk i 2008 beskjed om at suksessen har ført til enno høgre statleg løyving over statsbudsjettet. "Die Herzogin von Chicago" var hovudproduksjonen i 2008. I 2009 opnar operahuset på Nordfjordeid.

Steinar Engelbrektson Band

Steinar Engelbrektson band
Foto: Pressefoto.

Bandet til Steinar Engelbrektson frå Gloppen kom ut med sitt fjerde album i 2008. "Veit du ka eg føle" frå plata som er kalla "Rabalder" var innom fylkestoppen i haust, og bandet har vore ein gjengangar på Dansebandsvisj på NRK. Steinar Engelbrektson band er av dei mestselgande artistane i Sogn og Fjordane, og har totalt solgt imponerande 50.000 eksemplar av dei fire platene.

The School

The School
Foto: Pressefoto.

Rockegruppa The School frå Eid kom i 2008 med sitt andre album. Plata som fekk tittelen "Destructive Sounds" vart innspelt i New York i det same studio som Beyonce, Pixies og Diana ross. NRK P3 har likt musikken frå Eid svært godt, og la mellom anna melodien "Radio Girl" høgt oppe på sine spelelister. Bandet vart nominert til spelemannspris for debutplata si i 2006, "Espionage."

Honndalstausene

Honndalstausene
Foto: Pressefoto.

Dei sju Honndalstausene feira i 2008 25-årsjubileum med å gi ut si fjerde plate. Plata, som har fått namnet Gamle Nordfjord, er eit samandrag av karrieren deira så langt. Mellom dei 25 slåttane du finn på plata er det også seks nyinnspelingar. Ein av dei, Reinlender etter Ole Langøyli, gjekk rett til toppen på Fylkestoppen i haust.

Ramstadlaget

Oddbjørn Ramstad i Ramstadlaget
Foto: Oskar Andersen, Debra foto as.

Ramstadlaget slapp si nye plate "I gamle spor" under sommarkonserten til Lutt i 2008. Gruppa som er leia av Oddbjørn Ramstad har lang fartstid i det lokale musikklivet i fylket. Den nye plata, som også er den andre, kom fjorten år etter debutblata "Sognedølen." I laget spelar også Bjørn Ravnestad, Siren Torsheim, Tom Karlsrud, Øyvind Lyslo, Britt Pernille Frøholm og Leif Aslaksrud.

Britt Pernille Frøholm

Britt Pernille Frøholm
Foto: Presse

Den kvinnelege spelemannen frå Hornindal fekk fantastiske meldingar for soledebutplata si i 2008. Dei urbane avisene Aftenposten, VG og Dagbladet ga ho terningkast fem. "Ein port til hardingfelas univers" skreiv Dagbladet om debutplata "For allje dei." 30-åringen, som også var innom fylkestoppen, har tatt tradisjonsmusikk frå heimbygda og tilført sitt eige personlege uttrykk.

Good Time Charlie

Good Time Charlie pressefoto
Foto: Pressefoto.

Det tradisjonsrike bandet presenterte ny lyd når dei i 2008 gav ut plate i jubileumsåret sitt. 25 svært aktive år feira bandet, som kallar den nye stilen sin for garasjesoul. Frontfigur Arle Hjelmeland frå Førde og Steinar Karlsen frå Eikefjord har hausta gode ord frå alle kantar for det nye albumet. Plata, som har fått namnet "Mojo Energy," har fått terningkast fem frå store aviser som Dagbladet, VG, Aftenposten og BT.

The Generous Days

The Generous Days på The Cavern i Liverpool
Foto: Pressefoto.

Bandet har hatt eit fantastisk år i 2008. Dei gav ut sin første EP, spelte på den legendariske beatlesklubben "The Cavern" i Liverpool, Hovefestivalen og i Los Angeles. I Liverpool sa festivalsjefen at gruppa var ein av hans nye favorittar. The Generous Days har base i Oslo, men medlemmene kjem frå Jostedalen, Hornindal, Lærdal og Leikanger. Dei hadde også låta "Smile" inne på fylkestoppen ein periode i haust.

Micropops

Micropops med Håkon Njøten 2
Foto: Pressefoto.

Håkon Njøten hadde ein flott radiosommar i 2008. NRK P3 plukka bandet hans, Micropops, ut til å vere "Ukas urørt" i kanalen. Med det løsna det for bandet, og det vart både platekontrakt og mykje radiospeling. "I juli månad var faktisk låten "Moonlight" den mest spelte på NRK P3. Micropops fekk terningkast fire i Dagbladet for plata, og er av dei få frå Sogn og Fjordane som er plukka ut til å delta på bransjetreffet By:larm neste år.

Karl Seglem

Karl Seglem
Foto: Pressefoto, Oddleiv Apneseth.

Han er ein av dei fremste jazzmusikarane i landet, og har hatt eit internasjonalt år. Han har turnert fleire stader i verda med musikken sin, og i mai spelte han for det potugisiske presidentparet og det norske kongeparet i Potugal. Men han har også spelt i heimlandet, mellom anna saman med Lena Skjerdal frå Sogndal. Der blanda dei norsk og pakistansk folkemusikk saman med pakistanske musikarar. Seglem driv også eit idealistisk plateselskap, har ei rekkje utgjevingar bak seg og kom med eigen DVD i 2008.

Keldian

Keldian Journey of souls
Foto: Pressefoto

I 2008 gav Arild Aardalen og Christen Andresen frå Aurland ut si andre plate internasjonalt, men du finn den ikkje i norske platebutikkar. Det store plateselskapet deira Paris Records har nemleg ikkje distribusjon i Norge. På plata som har fått namnet "Journey of souls" får du melodiøs metall, men ein god dose inspirasjon frå heavy metal på 80-talet. Dei er også innom norsk folkemusikk i nokre av låtane.

Tonereise

Tonereise under Nigardsbreen
Foto: Iren Vatne

Etter suksessen med debutplata "Arven", gav Tonereise ut den første smakebiten frå plate nummer to i 2008. Melodien "Ver deg sjølv" kom inn på spelelista til NRK P1, og har også vore innom fylkestoppen i haust. Lustringane fekk stor merksemd då dei gav ut plata Arven, som var tufta på songarven etter folkemusikaren Rangar Vigdal. Son og sonesøner i Tonereise har gått nye vegar i fornying av tradisjonsmusikken til den internasjonalt skatta tonekunstnaren frå Jostedalen.

Jakob Hals

Jakob Hals si plate Soul Shake
Foto: Pressefoto.

Jakob Hals frå Vågsøy har gjort det svært bra på fylkestoppen i år saman med Jorun Irene Erdal frå Stryn. Melodien "Something you got" har vunne fylkestoppen tre gonger i haust. Albumet låta er henta frå heiter "Soul shake" som Hals gav ut i august i samband med arrangementet Tall Ships Races i sommar. Jakob Hals vil ikkje sette musikken sin i bås, og omtalar sjølv plata med eit sitat frå ein amerikansk kollega: "it's only fun music."

Hayseed

Terje Kjørlaug i Hayseed
Foto: Pressefoto.

Florøgitaristen Terje Kjørlaug i Hayseed gav i 2008 ut plata Pipedreams. Ei variert plate, som bandet har brukt fleire år på å lage. Nokre av låtane har dei faktisk skrive for ti år sidan. Melodien "Wings", som er henta frå den nye plata, vart oppkjøpt av eit amerikansk forlagshus for musikk. Dermed kan melodien hamne i film, tv-serie eller reklame.

Bremanger musikklag

Bremanger musikklag
Foto: Maiken Aa. Solbakken

Musikklaget i Bremanger har hatt store suksessar med sine store oppsettningar. Dei har tidlegare hatt førestillingar med musikk av både ABBA og Elton John. I 2008 sette Bremanger musikklag opp "Frå Cash til Springsteen," og fekk nok ein suksess. Dei har hatt fulle salar både lokalt i Bremanger, andre stader i fylket og i Grieghallen i Bergen. Det siste stykket hadde nær 50 aktørar på scena i korps, band og som vokalistar.

Svein Sindre

Svein Sindre frå Markane i Stryn gav i 2008 ut ei plate med salmeskattane til Mathias Orheim. Orheim var både forkynnar og musikar som komponerte 178 melodiar. Ein del av salmane hans er godt kjende og vel brukt. Svein Sindre debuterer som plateartist som 73-åring og har fått gode tilbakemeldingar på albumet.

Tall Ships Races-plata

Tall Ships`Races i Måløy.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Samstunden som dei stolte seglskutene segla inn til Måløy hamn, presenterte det lokale musikklivet seg ved å gi ut ei eiga plate. Plata hadde musikk frå fleire genrer, og her fekk både vaksne og unge talent vise seg fram. Fleire av melodiane frå plata vart også spelt mykje på NRK Sogn og Fjordane.

Silje Nes

Silje Nes
Foto: Eirik Lande.

26-åringen frå Leikanger debuterte på plate i 208. Ames Room heitte plata med den rolege musikken som kom ut på plateselskapet Fat-Cat i England. Nes, som for tida er busett i Berlin, har gjort konsertar både i Frankrike, Tyskland, England og Norge i løpet av året. Spennande, leiken og noko uforløyst, sa meldaren til NRK Sogn og Fjordane om plata.

Tyyl

Tyyl 2
Foto: Pressefoto.

Rockebandet Tyyl frå Sogn sang på dialekt når dei gav ut sin debut-EP i 2008. Tyyl er eit av tre band frå fylket som får delta på det store bransjetreffet Bylarm i Oslo i 2009. Dei har fått gode tilbakemeldingar på musikken sin, og har hatt mange spelejobbar i løpet av året. Sjølv kallar dei musikken sin for breibeint rock. - Litt sein 60- til 70-tals rock inspirert av til dømes Led Zeppelin, seier dei til NRK Sogn og Fjordane.

Babe Rawlins

Babe Rawlins med Henrik Hellevik frå Askvoll

I fem år har Henrik Hellevik sitt band Babe Rawlins jobba seg fram mot EP'en dei gav ut i 2008. "Bright side" heitte plata som fekk god mottaking. Bandet har vore på vegen i Sør-Norge i haust, og har hatt jobbar både i Bergen, Oslo, Kristiansand, Stavanger og i Dale. No jobbar bandet med det som skal bli ei fullspelplate på nyåret.

Leiv Reed

Musikaren frå Breim spelte på bransjetreffet Bylarm i februar 2008. Han har også i år vore eit heitt musikknamn i musikkmiljøet i Bergen der han held til. 24-åringen jobbar også med det som skal bli ei plate. Reed spelte også på Lutt sin sommarkonsert på Sandane i sommar.

Solveig Johanne Grønstøl

Solveig Johanne Grønstøl 2
Foto: Frank Håvik.

Kvinna frå Stadlandet kom i haust ut med si debutplate "Tilfluktsstad." Plata er ei roleg lovsongplate med kristen musikk som passar for alle, seier Grønstøl til NRK Sogn og Fjordane. Ho har skrive songar sidan ho var 15, og fann tida no moden til å gi ut musikken sin på plate. Tittelmelodien frå plata gjekk rett inn på Fylkestoppen i november.

Olav Stedje

Olav Stedje
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Sogndølen har hatt eit travelt år der han mellom anna har vore på vegen med Vestlandsrevyen. Der framfører han nokon av sine største hits gjennom tidende. Stedje fekk i 2008 også Medaasprisen. - Han tek med sin lokale dialekt og kultur og løfter det opp så det vert ein nasjonal skatt av det, sa styret for prisen under utdelinga.

Surferosa

Surferosa på Steinkjerfestivalen
Foto: Hans H. Bjørstad

Strynejenta Mariann Thommasen og bandet hennar Surferosa kom i april med di tredje plate "The beat on the streat." Før plata kom i april låg melodien "The Future," som var første singel frå plata, på VG-lista. Plata kom rett i etterkant av mariann sin jobb som Idol-dommar. Bandet har eksistert i åtte år, og har hausta gode kritikker. For den nyaste plata vart det blanda mottaking.

Ungdomens kulturmønstring

Silje Søgnesand Hartveit i gruppa Siig frå Sogndal
Foto: Stian Sjursen, NRK.

Kvart år samlar Ungdomens kultumønstring ungdomar frå heile fylket for at dei skal få vise fram talenta sine. I 2008 samla arrangemnetet 450 unge talent. Fleire av dei etablerte artistane frå Sogn og Fjordane har starta sin kariere på denne scena, som er ein viktig aktør for å få fram nye talent i fylket.